Gravvik var tidlegare ein sjølvstendig kommune i Nord-Trøndelag fylke. Området vart skild ut som eigen kommune i 1909. I 1964 var kommunen slegen saman med Foldereid, Kolvereid og Nærøy til det som er dagens Nærøy kommune. Gravvik er no ein skulekrins i Nærøy kommune, og eit kyrkjesokn i Nærøy prosti i Den norske kyrkja.
Landbruk og fiskerinæring har tradisjonelt stått sterkt i Gravvik. I dag er oppdrett av laks, skjel og kveite viktige næringar.
I Gravvik finn ein Fingalshola, som er hola i Noreg med flest holemåleri, og Gravvik kyrkje
Kjelder
Kart over gamle kommunegrenser i Trøndelag på Arkivverket sin nettstad Digitalarkivet.no «Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen» av Dag Juvkvam for Statistisk sentralbyrå. Denne artikkelen bygger på «Gravvik» frå , den 16. september 2008.
Kategori:Tidlegare kommunar i Nord-Trøndelag Kategori:Busetnader i Nærøysund Kategori:Historie i Nærøysund Kategori:Bygder i Trøndelag Kategori:Norske kommunar skipa i 1909 Kategori:Norske kommunar nedlagde i 1964