Puerto Maldonado er ein by i det søraustlege Peru i regnskogen i Amazonas 55 kilometer vest for den bolivianske grensa og ved staden der elvene Madre de Dios og Tambopata flyt saman. Han er hovudstaden i Madre de Dios-regionen. Folkesetnaden er 50 661 (2005). Høgda er 183 moh.

I området som grensar til Puerto Maldonado ligg Manu nasjonalpark, Tambopata verneområde og Bahuaja-Sonene nasjonalpark. Desse er nokre av dei best bevarte primære regnskogar i verda, kjent for sitt biologiske mangfald, til dømes har Manu nasjonalpark registrert over 1000 fugleartar. Området inkluderer fleire kroksjøar.

Historie Puerto Maldonado vart skipa i 1901, etter at peruanske styresmakter hadde tatt initiativ til å utforske vassvegar i landet. Byen fekk namn etter Faustino Maldonado, Tarapoto, som hadde utforska elva Madre de Dios i 1861 og drukna i eit stryk i Mamoré i Bolivia.

Madre de Dios-regionen vart oppretta ved lov av 26. desember 1912 med Puerto Maldonado som hovudstad.

Byen var tidleg ein vektig by for gummiindustri. På 1980-talet kom flyplassen i drift, det sette fart i gullrushet etter at det hadde vore funne gull ved byen føre tiåret.

Klima Puerto Maldonado ligg i det tropiske Amazonasbassenget. Klimaet er varmt og fuktig gjennom heile året. Den gjennomsnittlege årlege temperaturen er 26 °C med månadane august og september som dei heitaste. Årleg nedbør overstig 1000 millimeter. Den våte sesongen er frå oktober til april. Den vektigaste delen av byen ligg på eit litt heva område som vanlegvis ikkje vert råka av flaum i den våte sesongen. Biltrafikk vert ofte umogeleg i løpet av denne perioden. Lågt vatn oppstår mellom juni og august.

Eit vanleg fenomen er kjent lokalt som «surazo» eller «friaje» og oppstår når kald vind blæs ned frå høgfjellet i sør. Temperaturen kan då falle så lågt som til 8 ° C.

Næringsliv I 2008 er tømmerhogst og gullvasking framleis næringar. Dessutan hausting av paranøtter, båtbygging og økoturisme. Området er nesten uthogd, berre eit felt står att. Paranøttindustrien har gått attende grunna nytt lovverk i EU. Gullvasking frå elva skjer for det meste med handkraft i små grupper. Men dei vektigaste kjeldene for innkomme er turisme og verksemder knytt til båtkonstruksjon.

Infrastruktur mini|høgre|Continentalbrua (Puente Continental)

Drivstoff er kostbart i byen, derfor er motorsyklar eit mykje brukt transportmiddel. Flyplassen ved byen er kjent som Aeropuerto Padre Aldamiz.

Den nasjonale vegen 30 C mellom Urcos i Cuzco-regionen og grensebyen Iñapari i Madre de Dios-regionen hadde fram til 2011 eit ferjesamband over elva Madre de Dios. Sambandet vart ersatta av Continentalbrua, ei 722 meter lang hengebru i Puerto Maldonado, bygd i åra 2010-2011. Vegen er ein del av eit vegprosjekt som skal knyte hamner på stillehavskysten i Peru saman med elvehamner i Brasil. Somme grupper frykter at den nye vegen vil opne nye område for ulovleg jakt og tømmerhogst og føre til konflikt mellom inntrengjarar og urfolk.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Puerto Maldonado» frå , den 9. september 2008.

Notar

Kategori:Byar i Peru Kategori:Madre de Dios-regionen