Storbotnshornet (1370 moh.) ligg i kommunane Fjord og Ålesund i Møre og Romsdal. Frå Ørskog, der bygda Vaksvika ligg nærast, er toppen synleg fleire stader, men han ligg bakom nesten jamhøge fjell og verkar lite dominerande. I Stordal er fjellet bortgøymd inne i fjelldalen Jasvollbotnen. Å nå toppen krev klyving i bratt lende.

Kategori:Fjell i Fjord Kategori:Fjell i Ålesund Kategori:Fjell på Sunnmøre