Cyathea dealbata er ei ei middelstor trebregne som er stadeigen (endemisk) på New Zealand. Bregna er nasjonalplanten til New Zealand.
Cyathea dealbata kan heita silver-fern ('sølvbregne') eller silver tree fern ('sølvtrebregne') på engelsk og kaponga eller ponga på maori.Maoriordet ponga (IPA:) er eit låneord i newzealandsk engelsk som ei uspesifikk nemning på trebregner. Engelsktalande uttalar vanlegvis ordet som punga (IPA:).
Synonym Polypodium dealbatum G. Forster, 1786 Cyathea tricolor Colenso, 1883 Alsophila tricolor (Colenso) Tryon, 1970
Utsjånad Planten kan veksa seg over ti m høg (men kan ein sjeldan gong opptre som krypplante). Kruna er tett, og bregneblada kan verta om lag fire m lange. Dei har ein sølvkvit farge på undersidene og lysare grøn på oversidene. Denne klåre, sølvaktige fargen har gjort dei nyttige som markørar langsetter stiar, så ein kan sjå å gå i mørke. Skjella er mørkt brune, og er ofte vridde og glinsande.
Utvikling og vokster Cyathea dealbata kom til New Zealand relativt seint, under pliocen (kring 5-1,8 millionar år sidan). Bregna finst på dei newzealandske øyene og på Chatham Islands i aust, mest i nærleiken av tørrare skogar og i open krattskog. Ho er kjend for å veksa godt i vel drenert humus, og når ho først har slått rot, greier ho gjerne tørrare vokstervilkår. Ho veks best i ly frå vind, og bør vernast mot frost. Sølvbregna veks ikkje på skogbotnen under dei tette krunene til utvaksen skog.
Sølvbregna i bruk mini|Koruspire Sølvbregna vert brukt som eit emblem på klede og i marknadsføring av fleire sportsgreiner. Ho er best kjend som logo for det newzealandska landslaget i rugby, All Blacks, og Black Caps, cricketlandslaget. Silver Ferns er namnet på landslaget i nettball, verdsmeistrane frå meisterskapet i 2003 på Jamaica. Sølvbregna har også fått eit politisk bruksområde, ho finst på logoen til New Zealand Progressive Party (Jim Anderton's Progressive Party) og United Future New Zealand. «The Silver Fern» er namnet på eit passasjertog. Korusymbolet som finst i maorikunst er rekna for å vera inspirert av unge bladskot på ponga. Blad frå sølvbregna finst på det newzealandske riksvåpenet. Fleire alternative newzealandske flagg, som til dømes silver fern flag, brukar sølvbregna.
Kjelder
Large, M.F. & J.E. Braggins (2004). Tree Ferns. Timber Press, Inc., s. 120-121. ISBN 0-88192-630-2 The International Plant Names Index: Cyathea dealbata
Denne artikkelen bygger på «Cyathea dealbata» frå , den 1. september 2008.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Bregner Kategori:Cyatheaceae Kategori:Planteliv på New Zealand Kategori:Newzealandske najonalsymbol