Tyrrellhavet er eit anna namn på den førhistoriske utgåva av Hudsonbukta som eksisterte då isen smelta etter den siste istida. Det er kalla opp etter den kanadiske geologen Joseph Tyrrell.

For om lag ti tusen år sidan trekte isen over Canada seg tilbake og jordflata som til då hadde vorte pressa 270-280 meter ned av den tunge isen på overflata var i ferd med å heve seg igjen. Denne prossessen går derimot tregt og medan landflata enno var pressa ned, strøymde havet inn over området og danna Tyrrellhavet, som då var mykje større enn dagens Hudsonbukta.http://pubs.nrc-cnrc.gc.ca/rp/rppdf/e02-085.pdf Enkelte starder var kystlinja 100-250 km lenger inn enn i dag.

Etter kart som landhevinga tok til minka havområdet og vart til slutt til slik Hudsonbukta ser ut i dag. Dette finst ikkje noko klår overgang frå Tyrrellhavet til Hudsonbukta, og Hudsbukta krympar framleis som følgje av landhevinga.Pielou, E.C. After the Ice Age. Chicago: University of Chicago Press, 1991.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Tyrrell Sea» frå , den 25. august 2008. oppgav desse kjeldene: "Geomorphology From Space, Plate C-24: Hudson Bay Shorelines." Lajeuness, Patrick og Michael Allard. "The Nastapoka drift belt, eastern Hudson Bay: implications of a stillstand of the Quebec-Labrador ice margin in the Tyrrellhavet at 8 ka BP." Canadian Journal of Earth Science, Vol. 40, 2003, s. 65-76.

Kategori:Historiske hav Kategori:Kanadisk geologi Kategori:Holocen Kategori:Den siste istida