Håkon Brusveen () var ein norsk langrennsløpar frå Vingrom i Lillehammer. Han vart olympisk meister 1960 på 15 kilometer.

Idrettsmann Brusveen vart norsk meister fire gongar individuelt. Fyrste gongen på tremila i 1953, sidan på 15 km i 1957 og 1958, på 30 km i 1958. Under noregsmeisterskapen 1957 gjekk han Vingrom IL inn til siger i 3 x 10 km stafett.

Brusveen vann to medaljar i Vinter-OL 1960 i Squaw Valley: ein gullmedalje i 15 km og ein sølvmedalje i 4 x 10 km stafett. På stafetten gjekk Brusveen ankeretappen for det norske stafettlaget, saman med Harald Grønningen, Hallgeir Brenden og Einar Østby utgjorde han det norske mannskapet. Noreg leidde store delar av konkurransen, men etter ein knallhard spurt måtte Brusveen sjå seg slegen av finske Veikko Hakulinen med berre 0,8 sekundars margin.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1952: Nr 11 på 30 km i Porsgrunn Ski-NM 1953: Gullmedalje på 30 km i Trondheim Ski-NM 1954: Nr 6 på 15 km på Kongsvinger Ski-NM 1955: Bronsemedalje på 15 km på Voss Ski-NM 1956: Sølvmedalje på 15 km i Drammen Ski-NM 1957: Gullmedalje på 15 km i Mo i Rana Ski-NM 1958: Gullmedalje på 15 km og 30 km i Oslo Ski-NM 1959: Nr 5 på 50 km i Porsgrunn Ski-NM 1960: Nr 4 på 15 km i Nedre Eiker Ski-NM 1961: Bronsemedalje på 15 km på Røros Ski-NM 1962: Nr 10 i 15 km i Skien

Ymse I 1958 vart Brusveen tildelt Holmenkollmedaljen (saman med Inger Bjørnbakken) og i 1960 fekk han Morgenbladets gullmedalje for triumfen på 15 km under vinterleikane i Squaw Valley.

Han var seinare ekspertkommentator for «Radiosporten» i NRK P1. I mange år samarbeidde han med Bjørge Lillelien som kommenterte frå langrennsstadion medan Brusveen kommenterte ute frå løypa.

Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg Kategori:Vinnarar av Holmenkollmedaljen Kategori:Vinnarar av Aftenpostens Gullmedalje Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1956 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1956 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1960 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1960 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1960 Kategori:Noregsmeistrar i langrenn Kategori:Programleiarar for NRK Kategori:Folk frå Lillehammer