__NOTOC__ Spottefuglar (Mimidae) er ein familie av sporvefuglar i ordenen Passeriformes. Familien inkluderer trastar, spottefuglar, skjelvespottefuglar og kattespottefuglar frå «den nye verda». Det vitskapelege namnet Mimidae ymtar om at desse fuglane er framståande hermarar, spesielt har enkelte artar uvanleg evne til å imitere eit breitt utval av fuglesongar og andre utandørs lydar.
Det finst over 20 artar av spottefuglar i to større og ca. 15 artar i små eller monotypiske slekter. Farga i fjørdrakta tenderer mot uklårt grått og brunt, men nokre få artar er svarte eller blågråe, og mange har raude, gule eller kvite irisar. Spottefuglane varierer i lengd frå 20 til 33 centimeter og frå 36 til 56 gram i vekt. Mange har ein heller trasteliknande utsjånad: brun overside, bleik med mørke striper eller flekker på undersida. Ofte har dei lengre stjert enn ekte trastar (eller større gjerdesmettar som dei også kan likne) og lengre nebb som hos mange artar kurvar nedover.(Clement & Perrins 2003)
Til sporvefuglar å vere har dei relativt lange og kraftige bein som mange artar nyttar til å hoppe gjennom underskogen for å søke etter leddyr og frukt til føda. Habitata varierer frå underskog til kratt, høglandsgrassletter og ørkenar. Dei to artane av skjelvespottefuglar lever i atypiske habitat av regnskog på Dei små Antillane, og brunskjelvespottefuglen har særleg uvanleg oppførsel ved å tromme på trestammar.
Alle kjente artar byggjer noko rotete og voluminøse reir av kvistar i tettvaksen skog, dei fleste artar byggjer på bakken eller under to meters høgd over bakken. Dei legg vanlegvis 2 til 5 egg som vert klekt etter 12 eller 13 dagar. Ungane treng 12 til 13 dagar i reiret. Hekketida startar vanlegvis på våren eller tidleg i regntida, og mange artar kan ha to eller tre kull per år. Ungar som ikkje veks opp går i hovudsak tapt på grunn av plyndring og predasjon. Para held ofte saman i meir enn ein hekkesesong.
Slekter og artar Spottefuglar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.
Slekt Melanotis Blåspottefugl, Melanotis caerulescens, Blue Mockingbird, LC, Swainson, 1827 Kvitbukspottefugl, Melanotis hypoleucus, Blue-and-white Mockingbird, LC, Hartlaub, 1852
Slekt Melanoptila Svartspottefugl, Melanoptila glabrirostris, Black Catbird, NT, Sclater, 1858
Slekt Dumetella Kattespottefugl, Dumetella carolinensis, Gray Catbird, LC, Linné, 1766
Slekt Ramphocinclus Kvitbrystspottefugl, Ramphocinclus brachyurus, White-breasted Thrasher, EN, Vieillot, 1818
Slekt Allenia Skjelspottefugl, Allenia fusca, Scaly-breasted Thrasher
Slekt Margarops Tjukknebbspottefugl, Margarops fuscatus, Pearly-eyed Thrasher, LC, Vieillot, 1808
Slekt Cinclocerthia Brunskjelvespottefugl, Cinclocerthia ruficauda, Brown Trembler, LC, Gould, 1836 Gråskjelvespottefugl, Cinclocerthia gutturalis, Gray Trembler, LC, Lafresnaye, 1843
Slekt Toxostoma Kaktusspottefugl, Toxostoma curvirostre, Curve-billed Thrasher, LC, Swainson, 1827 Flekkspottefugl, Toxostoma ocellatum, Ocellated Thrasher, LC, Sclater, 1862 Brunspottefugl, Toxostoma rufum, Brown Thrasher, LC, Linné, 1758 Langnebbspottefugl, Toxostoma longirostre, Long-billed Thrasher, LC, Lafresnaye, 1838 Cozumelspottefugl, Toxostoma guttatum, Cozumel Thrasher, CR, Ridgway, 1885 Navahospottefugl, Toxostoma bendirei, Bendire's Thrasher, VU, Coues, 1873 Bajaspottefugl, Toxostoma cinereum, Gray Thrasher, LC, Xántus de Vesey, 1860 Kaliforniaspottefugl, Toxostoma redivivum, California Thrasher, LC, Gambel, 1845 Mohavespottefugl, Toxostoma lecontei, Le Conte's Thrasher, LC, Lawrence, 1851 Mesquitespottefugl, Toxostoma crissale, Crissal Thrasher, LC, Henry, 1858
Slekt Oreoscoptes Salviespottefugl, Oreoscoptes montanus, Sage Thrasher, LC, Townsend, 1837
Slekt Mimus Chilespottefugl, Mimus thenca, Chilean Mockingbird, LC, Moilna, 1782 Patagoniaspottefugl, Mimus patagonicus, Patagonian Mockingbird, LC, Lafresnaye & D'Orbigny, 1837 Langbrynspottefugl, Mimus saturninus, Chalk-browed Mockingbird, LC, Lichtenstein, 1823 Kvitvengspottefugl, Mimus triurus, White-banded Mockingbird, LC, Vieillot, 1818 Boliviaspottefugl, Mimus dorsalis, Brown-backed Mockingbird, LC, Lafresnaye & D'Orbigny, 1837 Bahamasspottefugl, Mimus gundlachii, Bahama Mockingbird, LC, Cabanis, 1855 Galapagosspottefugl, Mimus parvulus, Galapagos Mockingbird, LC, Gould, 1837 Floreanaspottefugl, Mimus trifasciatus, Floreana Mockingbird, CR, Gould, 1837 Espanolaspottefugl, Mimus macdonaldi, Española Mockingbird, VU, Ridgway, 1890 Sancristobalspottefugl, Mimus melanotis, San Cristobal Mockingbird, EN, Gould, 1837 Langhalespottefugl, Mimus longicaudatus, Long-tailed Mockingbird, LC, Tschudi, 1844 Socorrospottefugl, Mimus graysoni, Socorro Mockingbird, CR, Lawrence, 1871 Tropespottefugl, Mimus gilvus, Tropical Mockingbird, LC, Vieillot, 1808 Songspottefugl, Mimus polyglottos, Northern Mockingbird, LC, Linné, 1758
Kjelder
Barber, Brian R.; Martínez-Gómez, Juan E. & Peterson, A. Townsend (2004): Systematic position of the Socorro mockingbird Mimodes graysoni. J. Avian Biol. 35: 195-198. Clement; Peter; Perrins, Christopher (2003): Mockingbirds. In: Perrins, Christopher (ed.): The Firefly Encyclopedia of Birds: 534–535. Firefly Books. ISBN 1-55297-777-3 Curry, Robert L. (2003): Darwin and the mockingbirds of Galápagos . Hunt, Jeffrey S.; Bermingham, Eldredge; & Ricklefs, Robert E. (2001): Molecular systematics and biogeography of Antillean thrashers, tremblers, and mockingbirds (Aves: Mimidae). Auk 118(1): 35–55. DOI:10.1642/0004-8038(2001)118[0035:MSABOA]2.0.CO;2 Nettside med tekst utan bilete Sibley, Charles Gald & Monroe, Burt L. Jr. (1990): Distribution and taxonomy of the birds of the world: A Study in Molecular Evolution. Yale University Press, New Haven, CT. ISBN 0-300-04969-2 Zuccon, Dario; Cibois, Anne; Pasquet, Eric & Ericson, Per G.P. (2006): Nuclear and mitochondrial sequence data reveal the major lineages of starlings, mynas and related taxa. Molecular Phylogenetics and Evolution 41(2): 333-344. McClure, H. Elliott (1991). in Forshaw, Joseph: Encyclopaedia of Animals: Birds. London: Merehurst Press, 183-184. ISBN 1-85391-186-0.
Referansar
Bakgrunnsstoff Videoar med spottefuglar
Kategori:Sporvefuglar