mini|Plasseinga til Zemlja Zichy i Frans Josefs land. Zieglerøya ligg om lag i midten..

Zieglerøya (russisk Остров Циглера; Ostrov Tsiglera) er ei øy i Frans Josefs land i Russland.

Øya er 45 km lang og strekkjer seg frå nordvest til søraust. Ho har eit areal på 448 km² og er nesten heilt isfri. Det høgaste punktet på øya er 554 meter over havet.

Øya er kalla opp etter forretningsmannen William Ziegler frå New York City, som var leiar for Baldwin-Ziegler-ekspedisjonen i 1991 på skipa «America», «Fridtjof» og «Belgica» og for Ziegler-Fiala-ekspedisjonen i 1903-1905.

Zieglerøya er ein del av Zichy Land, som er ei undergruppe i Frans Josefs land.

Nærliggande øyar Ostrov Ugolnoj Kopi (остров Угольной Копи) er ei rund øy som ligg mellom Zieglerøya og Greelyøya . Ho har ein diameter på om lag 3,5 km og det høgaste punktet er 393 meter over havet. Ho er isfri og mellom dei to øyane går eit 600 meter smalt sund.

Historie Den austerrikske observasjonsstasjonen Payer-Weyprecht (truleg ) vart oppretta rundt 1900 på øya.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ziegler Island» frå , den 14. august 2008. oppgav desse kjeldene: William Barr, The First Cruise into the Soviet Arctic. Arktiske ekspedisjonar Ziegler-Fiala-Ekspedisjonen 1903-1905

Kategori:Øyar i Frans Josefs land Kategori:Stader kalla opp etter USA-amerikanarar