BØMLO-nytt er ei nynorsk lokalavis som vert utgjeven på Bømlo i Vestland fylke. BØMLO-Nytt tek mål av seg til å vera lokalavis for Bømlo kommune i Sunnhordland. Avisa kjem ut kvar tysdag, torsdag og laurdag.
På 1990-talet hadde dei konkurranse frå BTB (Bømlo i Tekst og Bilde) som dei etter kvart kjøpte opp og la ned.
Stadfest opplag er 3 301 (2010). Ansvarleg redaktør er Randi Olsen, som overtok etter Stein-Erik Ovesen 6. juni 2011.
Avisa vart grunnlagt av Else-Marie Ovesen, men er i dag eigd av mediehuset Sunnhordland.
Opplagstal
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske lokalaviser Kategori:Norske aviser etter namn Kategori:Aviser i Vestland Kategori:Bømlo kommune Kategori:Skipingar i 1973