Through the Morning, Through the Night er det andre og siste albumet til countryrockduoen Dillard & Clark, gjeve ut i august 1969.

Av musikarar på albumet finn ein country- og folkrockpioneren Gene Clark, Doug Dillard, Bernie Leadon, Chris Hillman, Sneaky Pete Kleinow, Byron Berline og Michael Clarke. Fleire av desse spelte òg på første albumet, men på dette albumet var òg kjærasten til Dillard, Donna Washburn, med på harmonivokal og erstatta Leadon som forlet gruppa og slo seg saman med Hillman, Clarke og Kleinow i Flying Burrito Brothers.

Kjernen i bandet bestod av Clark, Dillard, Washburn, David Jackson, felespelar Byron Berline og trommis Jon Corneal, som hadde slutta i The Burritos, og opna opp for at Michael Clarke kunne slå seg saman med desse. Dei mange coversongane på albumet førte til ein del kritikk og ikkje så positive meldingar som det første albumet. Som følgje av dette forlet òg Gene Clark bandet etter at albumet var ferdig. Sjølv om Doug Dillard prøvde å halde fram gruppa som The Doug Dillard Expedition gav gruppa seg like etter.

Songane «Through the Morning, Through the Night» og «Polly» vart spelt inn av Alison Krauss og Robert Plant på albumet deira Raising Sand i 2007.

Mottaking Musikkritikaren Richie Unterberger skreiv for Allmusic og kalla albumet «skuffande i forhold til det langt betre The Fantastic Expedition of Dillard & Clark. Den største skilnaden er at der den første plata baserte seg på dei originale songane til Gene Clark, og ei forholdsvis vågal blanding av country og rock, er denne oppfølgjaren meir i retning av tradisjonell folk og bluegrass. I seg sjølv er albumet greitt nok, behageleg og kraftig bluegrassbasert med få overraskingar.»

Innhald

Medverkande Gene Clark - vokal, gitar, munnspel Doug Dillard - vokal, banjo, gitar, fele Byron Berline - fele Donna Washburn - gitar, tamburin, vokal David Jackson - bass, piano, cello, vokal Sneaky Pete Kleinow - pedalsteelgitar Bernie Leadon - gitar, bass Chris Hillman - mandolin Jon Corneal - trommer, tamburin Michael Clarke - trommer (omdiskutert)

Produksjon Produsent: Larry Marks Lydteknikarar: Dick Bogert & Ray Gerhardt Kunstnarisk leiar: Tom Wilkes Fotografi: Jim McCrary Notat i omslaget: Barry Ballard

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Through the Morning, Through the Night» frå , den 6. august 2008.

Kategori:Musikkalbum frå 1969 Kategori:A&M Records-album Kategori:Dillard & Clark-album