mini|Stella Mwangi under Melodi Grand Prix 2011.

Stella er det latinske og italienske ordet for 'stjerne' og er kjent som kvinnenamn sidan 1700-talet. Det kan også vera eit etternamn.

Variantar av namnet er Estelle (fransk), Estela (portugiesisk) og Estrella (spansk). Stellan og Stellian er mannlege former.

Bruk mini|Madonna della Stella i Pazzano. Namnet blei lagt inn i den svenske almanakken i 1901, der det fekk namnedag den 15. august og erstatta Vårfrudagen, feiringa av himmelfarten til Jomfru Maria.

Stella er eit stadnamn i Italia, der det finst ein kommune kalla Stella i Liguria og eit Stella-fjell i Pazzano i Reggio Calabria. Fjellet har ein heilagdom, L'Eremo di Santa Maria della Stella eller Santuario di Monte Stella.

Kultur Ordet 'stella' er kjend frå kyrkjemusikk, som i vesperen «Ave maris stella», 'helser havstjerna', som er tileigna Jomfru Maria.

Namnet blei brukt i tragedien Stella (1775) av Goethe og i fleire dikt av Henrik Wergeland på 1800-talet.

Stella Kowalski er ein viktig person i skodespelet A Streetcar Named Desire (En sporvogn til begjær) av Tennessee Williams, der utropet «Stella!» er ei kjend line.

Kjende namneberarar Stella Obasanjo (1945 –2005), førstedame i Nigeria Stella McCartney (f. 1971), britisk formgjevar Stella Mwangi (f. 1987), norsk-kenyansk songar

mini|Sjølvportrett av Jacques Stella. Etternamn Jacques Stella (1569-1657), fransk målar Joseph Stella (1877-1946), amerikansk målar Antonietta Stella (f. 1929), italiensk sopran Frank Stella (f. 1936), amerikansk målar Martina Stella (f. 1984), italiensk skodespelar

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Stella» frå , og «Stella» frå den 27. juli 2008.

Kategori:Kvinnenamn Kategori:Førenamn av latinsk opphav