Trysil er ein kommune i Hedmark i Innlandet fylke med omkring 7000 innbyggjarar. Han grensar i nord til Engerdal og Rendalen, i vest til Åmot, og i sørvest mot Elverum og Våler. Den austre delen av kommunen er ei utbuling mot Sverige, slik at Sverige der omgir kommunen både i nord, aust og sør.

Jord- og skogbruk er dei viktigaste næringane, og Trysil er dessutan Noregs elgkommune, med 1000 elg felt i 2002.

Det største skianlegget i Noreg, Trysilfjellet, ligg i Trysil kommune. Skisporten har stått sterkt i Trysil og kommunen har fostra mange store skilauparar. Kommunevåpenet er pryda av to skistavar med tradisjonelle trinser.

Trysil hadde eige ordførarval i 2003. Ole Martin Norderhaug fekk 59,9 % av stemmene og vart vald til ordførar.

Kjende personar frå Trysil Hallgeir Brenden – skilaupar. Magnus Buflod – lyrikar. Halvor Floden – barnebokforfattar. Tormod Haugen – barnebokforfattar. Sigmund Løvåsen – forfattar. Anita Moen – skilaupar. Sven Moren – forfattar. Gjermund Muruåsen – skilaupar. Einar Skjæraasen – forfattar. Johan Sætre – skihoppar. Trysil-Knut – segnfigur. Halldis Moren Vesaas – forfattar og gjendiktar.

Bilete

Bakgrunnsstoff Trysil kommune

Kategori:Tidlegare kommunar i Hedmark Kategori:Kommunar i Innlandet