Silisium er eit grunnstoff med atomnummer 14 og kjemisk symbol Si. Det er eit halvmetall i gruppe 14 i det periodiske systemet. Det engelske ordet for silisium er silicon medan silikon heiter silicone.
Særlege kjenneteikn
Silisium er motstandsdyktig mot dei fleste syrer.
Bruk
Silisium vert brukt i elektronikk som ein halvleiiar. Mange transistorar og dioder og andre integrerte kretsar er laga av silisium.
Silisiumoksid (SiO2) er råmateriale for produksjon av glas.
Historie
Silisium vart oppdaga av Jöns Jacob Berzelius i 1824.
Biologisk rolle
Silisium er eit nødvendig mineral for dyr og menneske.
Førekomst
Silisium er eit av dei vanlegaste grunnstoffa i jordskorpa, og finst til dømes i kvarts.
Kjemi
Silisium kan ha oksidasjonstrinn +2 og +4 i sambindingar.
Silisium dannar sambindingar som silisiumdioksid (SiO2) og silisiumklorid (SiCl4). Silisiumsambindingar kan òg vera polymerar.
Isotopar
Tryggleik
Innanding av silisiumstøv kan gje lungeskade.
Sjå også Periodesystemet Grunnstoffliste Isotoptabell
Bakgrunnsstoff WebElements.com - silisium Silisium
Kategori:Halvmetall Kategori:Halvleiarmateriale Kategori:Native element Kategori:Mineraltilskot Kategori:Reduksjonsmiddel Kategori:Pyroteknisk brensel Kategori:Grunnstoff