Osman I () var leiaren for dei osmanske tyrkarane og grunnleggjaren av dynastiet som oppretta og styrte Det osmanske riket. Riket, som er kalla opp etter han, var ei verdsmakt i over sekshundre år.
Osman arva tittelen som bey (landsbyhøvding) for Söğüt i Anatolia etter far sin. I 1299 erklærte han sitt vesle rike sjølvstendig frå seldsjukkane. Dei mongolske invasjonane hadde pressa muslimar vestover mot Osman sitt fyrstedøme, ein maktbase som Osman var rask til å konsolidere. Då Austromarriket vart svekka var Det osmanske riket raskt på pletten og tok over områda deira.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Osman I» frå , den 1. juli 2008.
Kategori:Osmanske sultanar Kategori:Tyrkiske herskarar Kategori:Det osmanske dynastiet