mini|Volvo FH bulldogbil med slepvogn på New Zealand.
Lastebil er eit køyretøy som vert nytta til transport av ulike typar gods, som trekkvogn, eller som basis for ymse typar påbygg. Dei vert produserte i mange ulike storleikar og utførslar, nokre har ope lasteplan, andre har eit lukka skap, nokre har ikkje lasteplan, men vert nytta som trekkvogn.
Lastebilar spelar ein sentral rolle i dagens samfunn. Dei vert nytta for å transportera alt frå råvarer som mat og tømmer til post, drivstoff, bygningsmateriale, personbilar, ulike maskinar og så vidare. Langs kysten kan varer transporterast med fraktbåtar og i innlandet med jarnbane, men der det korkje er hamn eller jarnbane er lastebilar einaste praktiske alternativet. Lastebilar har òg den føremonen at varene kan transporterast frå dør til dør utan omlasting.
I Noreg skil Statens vegvesen mellom «klasse C1 (lett lastebil)»Klasse C1 (lett lastebil) , Statens vegvesen. og «klasse C (lastebil)»Klasse C (lastebil) , Statens vegvesen. (òg kalla «tung lastebil»), der lette lastebilar har tillaten totalmasse mellom 3500 og 7500 kg og tunge lastebilar har tillaten totalmasse på over 7500 kg. For å føra lastebil krevst det førarkort klasse C og for lett lastebil klasse C1. For å føra lastebil og lett lastebil med tilhengar over 750 kg krevst det førarkort klasse CE respektiv C1E.
Denne artikkelen handlar om lastebilar generelt, medan ulike typar og lastebilar for ulike oppgåver vert handsama i støtteartiklar.
Oppbygging mini|venstre|Sisu snutebil med løpehjul rett framom boggien. mini|høgre|Scania P420 chassis. Her ser ein dei to langsgåande U-bjelkane og tverrbjelkane. Motoren er synleg under førarhuset. Ein ser òg dieseltankar på kvar side av ramma og ein lufttank heilt bak. mini|høgre|Tippbart førarhus på ein Krupp bulldogbil, med ein Cummins V8-er, frå 1960-talet. Ein ser òg girkassen bak motoren og overføringa mellom girspak og girkasse. Lastebilar er bygde på ei stålramme, sett saman av to langsgåande U-bjelkar, som vert heldt saman av fleire tverrbjelkar. Akslane er festa til ramma med blad- eller luftfjører og støytdemparar. Ramma er ikkje heilt stiv, men kan vri seg etter underlaget. Både ramma og fjørene er slik med på å ta opp ujamnheiter i vegen. Dei alle fleste lastebilane har stive akslingar og det er utstyrte med blad- eller luftfjører. Luftfjører vert meir og meir vanleg, spesielt på trekkvogner og bilar med trippelboggi.
Motoren er plasser i framkant av ramma, enten framom eller under hytta. Når motoren er plasser framom hytta vert bilen kalla «snutebil» eller «normalbygd» og når hytta står over motoren vert han kalla «frambygd» eller «bulldog». Tidlegare var snutebilar mest vanlege, men i dag er bulldogbilar mest utbreidd. På bulldogbilar kan ein større del av totallengda nyttast for last enn på snutebilar. Når hytta står over motoren sit førarane høgare og har noko betre sikt enn på snutebilar. Bulldogbilar har tippbart førarhus, slik at det er mogeleg å koma til motoren for reparasjon og ettersyn. Snutebilar er noko billigare å produsera og der ein ikkje har bruk for langt lasteplan vert snutebilar framleis nytta. Typiske døme er dumperbilar, der lasta har så stor tettleik at ein ikkje treng så stor lengd på dumparkassen. I Nord-Amerika er snutebilar framleis utbreidde, noko som heng saman med at ein der stort sett nyttar trekkvogn med semitrailer og at lengdeavgrensninga gjeld for semitrailerar, ikkje for heile vogntoget Davies, P.J., The world encyclopedia of trucks, Southwater, 2007. Ein taper difor ikkje noko på å nytta lange snutebilar som trekkvogner. Lokal tradisjon spelar òg ein viss rolle.
Lastebilar kan ha enkel bakaksel eller boggi og det er som oftast tvillinghjul på begge akslane. På grunn av at myndigheitene set grenser for aksellasten er lastebilar ofte utstyrte med boggi og i nokre tilfelle kan det vera montert ein aksling med enkle løpehjul framom boggien («pusherboggi»), og/eller rett bak framakselen. I det siste tilfelle er løpehjula mekanisk eller hydraulisk tvangsstyrte. Løpehjula er som oftast utstyrte med luftfjøring.
Motor mini|høgre|Volvo D13C rekkeseksar lastebilmotor. mini|venstre|Turboladar på lastebilmotor. Komponenten til venstre på manifolden er aktuatoren til motorbremsen. mini|høgre|MAN TGX V8 lastebilmotor på 500 kW (680 hk). Så godt som alle moderne lastebilar er utstyrte med dieselmotor, som har større verkningsgrad enn forgassarmotorar og difor er meir økonomiske. Dieselmotorar har dessutan betre seigdragingseigenskapar enn forgassarmotorar. Moderne lastebilmotorar har ofte ei etter måten flat dreiemomentkurve som strekkjer seg over eit stort turtalsområde, noko som fører til at ein ikkje treng å gira så ofte. Lastebilmotorar kan ha frå fire til tolv sylindrar, men seks og åtte sylindrar er mest utbreidd. Motorar med opp til seks sylindrar er vanlegvis rekkjemotorar, medan åtte- , ti- og tolvsylindra motorar er V-motorar. Det vanlege er firetaktsmotorar, men nokre produsentar, som til dømes Krupp, har nytta totaktsmotorar. Totakts dieselmotorar har ikkje like stort dreiemoment ved låge turtal som firetakts dieselmotorar, så ein lyt gira oftare.
Dei aller fleste lastebilmotorane er væskekjølte, men nokre produsentar, som til dømes Magerius-Deutz, har nytta luftkjølte motorar. Dei største motorane kan ha ei effekt på over 500 kW (700 hk) og eit dreiemoment på 3500 Nm Arnesen, S.-O., Førstemann med verdens sterkeste lastebil , Tungt.no, 12/6-2009.Magelssen, T., Nå er den her! Scania R 730!, Tungt.no, 16/4-2010.
Lastebilmotorar er vanlegvis utstyrte med turboladarar, som er ein kompressor driven av ein eksosdriven turbin. Kompressorhjulet står på same aksling som turbinhjulet og roterer med høgt turtal: frå 90 000 o/min og oppover. Turbolading gjer at innsugingslufta får overtrykk, noko som gjer at eksosen vert spyla ut or sylinderen, samstundes som fyllingsgraden vert betre. Ettersom sylinderen inneheld meir luft inneheld han òg meir oksygen, slik at det kan sprøytast inn meir drivstoff, som i sin tur aukar effekten. Nokre lastebilmotorar er òg utstyrte med ladeluftkjølarar, som kjøler ned innsugingslufta før ho når sylinderen. Etter som volumet til luft er proporsjonal med temperaturen (sjå gasskonstant) aukar luftmengda (luftmassen) i sylinderen når lufta vart avkjølt.
Dei fleste europeiske lastebilprodusentane nyttar sine eigne motorar, medan nordamerikanske produsentar tilbyr kundane sine valet mellom fleire ulike motorar frå andre produsentar.
Drivverk mini|venstre|Eaton automatgirkasse. mini|høgre|Tandemboggi. Her er den korte mellomakselen mellom dei to akslingane synleg. Akslingane vert heldt på plass av overliggande triangulære stag. Kraftige gummibelgar syner at denne bilen har luftfjøring. mini|høgre|Mellomakselen på ein lastebil. På dette biletet ser ein òg krengingsstabilisatoren under bakakselen. For å overføra det store dreiemoment til moderne lastebilmotorar er bilane som oftast utstyrte med dobbelplatekoplingar.
For at motoren skal få arbeida på så optimalt turtal som mogleg er lastebilar utstyrte med mange gir (utvekslingsforhold). Girkassen har som oftast låg- og høgserie, med tre til fem gir i kvar serie. Ein tek laust i 1. eller 2. gir i lågserien og skiftar oppover i lågserien, for deretter å skifta til 1. gir i høgserien og så vidare. I tillegg er det vanleg med eit splittgir, som kløyver alle utvekslingsforholda i høg og låg, slik at talet på gir vert doble. Til dømes ligg både låg- og høgsplitt i 3. gir over høgsplitt i 2. gir og under lågsplitt i 4. gir. Ein ender difor opp med totalt 12 til 20 gir. I tillegg er det vanleg med eit krabbegir. Ein skiftar mellom låg- og høgserie og splitt med brytarar på girspaken. Sjølve skiftet vert for splittgiret utført med trykkluft eller hydraulisk aktuator når ein trør ned koplingspedalen. Skifte mellom låg- og høgserie skjer som oftast ikkje før girspaken står i fri. Å nytta rett gir og fart kan føra til store innsparingar i brennstofforbruket.
Dei fleste lastebilane har manuell heilsynkronisert girkasse, men det finst mange døme på lastebilar med forskjellige variantar av automatkasseDréer, F., L'atlas des camions de chantier, Editions Atlas, 2006..
Mange lastebilar har navreduksjon, som tyder at den siste nedgiringa skjer i eit planetgir plassert i navet. Dette reduserer dreiemomentet på mellomakselen og differensialen, slik at desse får mindre dimensjonar.
Girkassen er plassert rett bak motoren. På bulldogbilar kan han stikka ut bak hytta, men han er så lågt plassert at han ikkje kjem i vegen for lasteplanet eller anna påbygg. Lastebilar er vanlegvis bakhjuldrivne og effekten vert overført via ein mellomaksel til bakakselen. Nokre lastebilar med boggi har drift på begge hjulgangane, noko som vert kalla tandemdrift. Det finst òg firehjulsdrive lastebilar som har drift både på bak- og framakselen og nokre har drift på seks hjul (tandemdrift pluss framhjulsdrift). Lastebilar vert ofte nytta til anleggsarbeid og tømmerbilar som må ta seg fram på skogsbilvegar er ofte fire- og sekshjulsdrivne. I det siste har ein teke til å montera hydrostatisk drift på framhjula på nokre bilar. Denne typen framhjulsdrift vert berre nytta i låg fart og vert nytta for å «ta laust» på glatt føre eller å koma seg fram i låg fart viss friksjonen mot bakken er liten.
Lastebilar er ofte utstyrte med differensialsperre, som låser hjula på ein aksel saman slik at ein unngår at hjulet med minst friksjon mot bakken spinn når det er glatt føre. Dette kan vert til god hjelp for å «koma laus» eller for å koma opp bakkar på glatt føre.
Fjøring mini|høgre|Enkel bakaksel med bladfjører på ein Scania P420. mini|høgre|Hoved- og hjelpefjør på lastebil. mini|Boggi med bladfjører. Her er òg støttestaga, som held akslingane på plass, synlege. Lastebilar har stive akslingar og er utstyrte med blad- eller luftfjører. To typar bladfjører er i bruk, stive bladfjører og parabelfjører.
Stive bladfjører er sett saman av fleire fjørblad, stable i høgda. Det øvste fjørbladet kan vera festa i ramma i framkant og glidande opphengt i bakkant, eller det kan vera glidane opphengt i begge endar. I det siste tilfellet vert akselen heldt på plass av kraftige stag. Fjørblada er stuttare og mindre krumme di lenger ned i stabelen dei ligg og når bilen ikkje er lasta er det berre dei øvste fjørblada som tek opp vekta av bilen. Når bilen er lasta vert fjørene bøygde ned og dei underliggande kortare fjørblada kjem i kontakt med dei over, slik at fjørene vert stivare di meir samantrykt dei er. Ein alternativ måte å oppnå det same på er å dela fjøra i hovud- og eg hjelpefjør. Hjelpefjøra kjem fyrst i kontakt med ein utstikkande brakett på ramma når bilen er lasta. Denne ulineæriteten gjer at høgda på bilen ikkje endrar seg alt for mykje når han er tungt lasta. På grunn av den ulike krumminga vil fjørblada gli mot kvarandre på ujamt underlag og friksjonen vil innføra demping, slik at det ikkje er naudsynt med separate støytdemparar. Stive bladfjører er robuste og driftssikre og vert nytta på bilar som går på dårleg underlag, som til dømes dumperbilar og tømmerbilar. Med dei er ikkje like komfortable som parabelfjører og luftfjøring.
Fjørblada i parabelfjører er tjukkast midt på og har kontakt med kvarandre berre på midten. Dei har difor ikkje friksjonsdemping som stive bladfjører og det er naudsynt å nytta separate støytdemparar. Føremonen med parabelfjører er at dei gjev ei mjukare og meir komfortabel fjøring enn stive bladfjører.