Cabeço Gordo (portugisisk for «stort hovud») er det høgaste fjellet på øya Faial i Asorane. Heile øya er ein massiv stratovulkan med ein to kilometer brei kaldera. Frå botn av kalderaen er det om lag 400 meter opp til kanten. Vulkanen har vore inaktiv sida det siste utbrotet i 1957/1958, som skapte Capelinhos.
Cabeço Gordo omfattar kommunane Cedros, Feteira, Salão, og fleire andre. Frå toppen er det flott utsyn og på ein klår dag kan ein sjå dei andre tre øyane i den sentrale gruppa i Asorane, Pico, São Jorge og Graciosa.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Cabeço Gordo» frå , den 23. juni 2008. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Fjell i Portugal Kategori:Stratovulkanar Kategori:Kalderaer Kategori:Vulkanar i Portugal Kategori:Asorane