Hydrobates er ei biologisk slekt og den einaste slekta i ein familie av stormsvaler. Dette er pelagiske sjøfuglar som er medlem av ordenen stormfuglar, Procellariiformes. I ein periode, og framtil nyleg, var dette taksonet rekna som ein underfamilie av ein samla stormsvalefamilie, Hydrobatidae.
Skildring Sjå òg artikkelen om stormsvaler for utfyllande skildring av morfologi, levevis og leveområde Artane i slekta Hydrobates har kroppslengd som spenner i området mellom 13 centimeter for dvergstormsvaler til 27 cm for hawaiistormsvaler. Kroppsvekta kan variere mellom 14 gram og over 100 gram høvesvis for dei to artane. Alle har relativt lange venger og bein som er kortare enn halen i flukt. Mange, men ikkje alle, har gaffelforma eller sterkt kileforma halar. 8 av dei 17 nolevande artane 'manglar' kvit overgump. Dei øvrige artane er for det meste mørke i farga med varierande mengder av kvitt på overgumpen. Popuasjonar av arten stormsvale i Stillehavet manglar kvit overgump. To artar bryt med desse mønstra, ringstormsvala som har kvit underside og kvite markeringar i strupe og andlet, og gråstormsvala som har bleik, grå fjørdrakt.
Artane i denne slekta hekkar og lever generelt på den nordlege halvkula, jamvel om nokre artar migrerer på lange trekk òg sør for ekvator. Perustormsvala hekkar sør for ekvator.
Artane havsvale og stormsvale hekkar på Røst i Noreg.
Truslar og vern mini|høgre|Nedgangen i bestanden av kaliforniastormsvaler har ført til at arten er erklært trua av IUCN.
Fleire artar i Hydrobates-slekta er trua av menneskeleg aktivitet.Søk 'Hydrobatidae' i IUCN Raudliste Av 17 artar er berre 8 klassifiserte som livskraftige, LC. Guadalupestormsvale har ikkje blitt observert sidan 1906 og dei fleste autoritetar reknar arten som utdøydd. Ein annan art, kaliforniastormsvale, er oppført som truga av IUCN på grunn av ein 42 % nedgang over tjue år, og fem andre artar er òg oppførte som sårbare eller verre. I tillegg er to artar så dårleg kjente at dei er oppførte som «mangelfulle data». Ein kjenner ikkje hekkestadane for ringstormsvale.
Stormsvalene i denne slekta står overfor dei same truslane som andre sjøfuglar, spesielt er dei trua av introduserte artar. Guadalupestormsvala vart driven til utrydding av villkattar,Foreløpige tal for nedgangen av guadalupestormsvale – og slike introduserte rovdyr er òg årsak til nedgang blant andre artar. Habitatdegradering som avgrensar hekkeområda årsaka av introduserte geiter og griser er òg eit problem, spesielt viss det aukar konkurransen frå meir aggressive gravande petrellar.
Oversyn artar, status og hekkelokalitetar Slekta Hydrobates i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V12.1, 2022, med norske namn etter Norske navn på verdens fugler: ArtsnamnVitskapleg namnStatusPopulasjonTrendHekkeplass HavsvaleH. pelagicusLC1,3-1,5 millukjentNordvestre Atlanteren, rangert etter kolonistorleik: Nólsoy, (Færøyane), Storbritannia, Irland og Island, dessutan små koloniar i andre europeiske land som Noreg (Røst), Spania og Hellas. GråstormsvaleH. furcataLC>6 millaukandenordlege Stillehavet frå Kurilane til kysten av Alaska RingstormsvaleH. hornbyiNT500-800 000*)ukjentukjent, (kysten frå nordlege Chile langs Peru, kanskje inne i Atacama) JapanstormsvaleH. monorhisNT65-260 000*)minkandeVerkhovsky-øya ved sørlege Vladivostok, og ved Japan IwostormsvaleH. matsudairaeVU>20 000ukjentIwo-øyane, Japan StormsvaleH. leucorhoaVU6,7-8,3 mill parminkandeglobalt på den nordlege halvkula, inklusive Røst og Erkna i Noreg.Tomas Aarvak & Ingar Jostein Øien, Kartlegging av hekkande havsvaler og stormsvaler, 2006, Norsk Ornitologisk Forening SomarstormsvaleH. socorroensisEN2500-10 000*)minkandeeng: Townsend's storm petrel, Townsend 1890, hekkar sommarstid på øyar utanfor Guadalupe VinterstormsvaleH. cheimomnestesVU2500-10 000*)stabileng: Ainley's storm petrel, Ainley 1980, hekkar vinterstid på øyar utanfor Guadalope KaliforniastormsvaleH. homochroaEN5 200 -10 000minkandeøyar utanfor California, sørover til Coronados-øyane utanfor nordlege Mexico PassatstormsvaleH. castroLC150 000minkandepå øyar i Aust-Atlanteren og nordlege Stillehavet AsorstormsvaleH. monteiroiVU350-1500stabilto holmar ved øya Graciosa i Azorane KappverdestormsvaleH. jabejabeLC>10 000*)minkandeBolton, 2007. Lever i Nord-Atlanteren, særleg rundt Kapp Verde-øyane DagstormsvaleH. tethysLC>500 000minkandeøyar utanfor Amerika frå Baja California, Mexico til nordre Chile, inklusive Galapagosøyane BajastormsvaleH. melaniaLC600 000*)minkandeøyar utanfor sørlege California og Baja California, Mexico PerustormsvaleH. markhamiNT150 000-180 000minkandeParacas naturreservat, Peru, inne i Atacamaørkenen, og andre mindre koloniar i Chile HawaiistormsvaleH. tristramiLC30 000stabilHawaii DvergstormsvaleH. microsomaLCukjent, kanskje millionarstabiløyar i Californiabukta og på vestkysten av Baja California Sur I tillegg kjem arten guadalupestormsvale, Hydrobates macrodactyla, som er rekna som utdøydd.
Kolonnar i tabellen over: Status er arten sin kategori i den globale raudlista til Verdas naturvernunion, IUCN Populasjon er estimert storleik på bestand av individ, inkludert ungfuglar *) berre kjønnsmodne individ
Kjelder
(2019). Hydrobatidae i del Hoyo, Carboneras, C., Jutglar, F. & Kirwan, G.M. (red.) Liste av artar i Hydrobatidae, 25. februar 2019
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Stormsvalefamilien Kategori:Fugleslekter