Ohinemuri er ei elv på Nordøya på New Zealand i regionen Waikato.

Elva har utspring ikkje langt frå havbukta Bay of Plenty, men renn mot vest, og ikkje ut i bukta. Ho renn gjennom det tronge passet Karangahake Gorge, og dannar eit avbrot mellom fjellrekkjene Coromandel Range og Kaimai Ranges. Etter 25 km renn Ohinemuri ut i Waihou nær byen Paeroa, 20 km sør for Firth of Thames der Waihou har utløpet sitt.

Kategori:Elver på New Zealand Kategori:Waikato