Wiel er eit etternamn av dansk opphav. Det kom til Noreg på slutten av 1600-talet med Mads Jensen Wiel som var frå Stege på øya Møn. Han busette seg i Halden og namnet har i stor grad vore knytt til denne byen, der familien Wiel har hatt ein solid posisjon i spesielt handelslivet.

Personar med etternamnet Wiel Truels (Madsen) Wiel, handelsmann og kanselliråd (1744–1807) Mads (Truelsen) Wiel, handelsmann og industrigrunnleggjar (1791–1835)

Kategori:Danske slektsnamn