Mads Hansen Berg () var ein norsk skulemann og songpedagog, fødd i Idd.Østfold fylke, Idd, Ministerialbok nr. III 5 (1861-1877), Fødde og døypte 1865, side 53.

Foreldra til Mads var skulelærar og kyrkjesongar Anders Hansen Berg og kona Inger Madsdotter. Dei budde på garden Berg i Enningdalen i Idd i Østfold.Folketeljinga 1865

Mads Berg var overlærar i Aker frå 1925-35.Cappelens musikkleksikon 1978 ISBN 82-02-03690-9 Han gav ut skulebøker, mest kjend er Skulesongbok eller Skolens sangbok, som kom i mange utgåver og opplag frå 1914 og resten av hundreåret; 25. utgåve 12. opplag kom i 1995. Mads Berg har òg komponert songar, mellom anna melodiane til Margrethe Munthe sin song «Jeg snører min sekk» og «Ein småfugl sat» av Elias Blix.

Han var med i sentralstyret til Riksmålsforbundet. Frå 1919 til 1928 redigerte han Riksmålsbladet.Norsk Allkunnebok Band II 1949

Referansar

Kategori:Norske pedagogar Kategori:Norske komponistar Kategori:Folk frå Halden