Bardu kyrkje ei åttekanta tømmerkyrkje frå 1829 på Setermoen i Bardu kommune i Troms, og er soknet si hovudkyrkje og garnisonskyrkje. Kyrkja har om lag 220 sitjeplassar, inkludert galleriet.
Kyrkja er bygd som ein kopi av Tynset kyrkje men noko mindre. Omkring 1800 utvandra ein god del frå Nord-Østerdalen til Nord-Norge og særleg til nybyggjarområda i Bardu. Størstedelen av folkesetnaden i Bardu på den tida hadde bakgrunn frå Tynset og Alvdal, og dei heldt kontakt sørover. Dei fleste nybyggjarane som kom til Bardu på 1800-tallet var frå Tynset. Den nyinnflytta byggmester Ole O. Lundberg frå Tynset reiste til si tidlegare heimbygd og teikna av Tynset kyrkje. Bardu kyrkje har preikestolsalter som er eit trekk frå barokk, også dette etter modell av Tynset kyrkje. Interiøret er måla i lyse fargar og har rokokkopreg. Skipet har galleri rundt veggen.
Kyrkja er i dagleg bruk, og i månadane juni-september er ho open på dagtid. mini|venstre|Kyrkjegarden ved Bardu kyrkje
Kjelder
Sørmoen, Oddbjørn: Kirker i Norge 2, Oslo 2001
Arkitekturguide for Nord-Norge og Svalbard
Bakgrunnsstoff
Om kyrkja på nettstaden til Bardu kommune
Arkivverket: Prestegjeld og sogn i Troms
Kategori:Kyrkjer i Bardu Kategori:Kyrkjer i Indre Troms prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1820-åra Kategori:Åttekanta kyrkjer i Noreg Kategori:Tusenårsstader Kategori:Kulturminne i Bardu Kategori:1829 i Noreg