mini|291x291pk|Haakon VII Fridomsmedalje Frihetsmedaljen, Fridomsmedaljen vart stifta 18. mai 1945. Han kan delast ut til norske eller utanlandske militære og sivile som på ein fortenestefull måte har ytt Noreg tenester under krig. Mottakaren treng ikkje ha vore i direkte kamp. Medaljen er i bronse og har monogrammet til kong Haakon VII over bokstaven V (for victory, ‘siger’) med omskrifta «Alt for Norge 1940-1945». Medaljen skal berast på venstre side av brystet i eit blått band.
Kategori:Norske militære heidersteikn Kategori:Noreg under andre verdskrigen Kategori:Stridsmedaljar Kategori:Skipingar i 1945
Kategori:Oppkallingar etter Haakon VII av Noreg