Argon er eit grunnstoff med kjemisk symbol Ar og atomnummer 18. Argon er ein edelgass.

Særskilde kjenneteikn

Argon er ein fargelaus, luktlaus og ureaktiv edelgass.

Bruk

Argon blir mest brukt som ein ureaktiv gass. Eit eksempel på slik bruk er i sveising, der gassen blir brukt som ein vernande atmosfære for å hindre at metallet oksyderer. Av same grunn blir argon brukt til å erstatte lufta i lyspærer for å hindre at glødetråden brenn opp.

Historie

Edelgassen vart oppdaga i 1894 av Sir William Ramsay og Lord Rayleigh.

Førekomst

Argon utgjer 0,94 % av jordatmosfæren, og blir produsert frå luft ved å skilje det frå oksygen og nitrogen ved destillasjon.

Kjemi

Argon er ureaktiv og dannar vanlegvis ikkje sambindingar.

Isotopar

Sjå også Grunnstoffliste Periodesystemet Isotoptabell

Bakgrunnsstoff Webelements.com - argon

Kategori:Edelgassar Kategori:Industrigassar Kategori:Grunnstoff