mini|380px|Inflasjonsrate i verda i 2019.

Inflasjon er ei varig prisstiging av varer og tenester i ein økonomi.Fleire kjelder:

Når det generelle prisnivået stig, vil kvar eining av ein valuta kunna kjøpa færre varer og tenester, og såleis korresponderer inflasjon med ein reduksjon av kjøpekrafta til pengar.Why price stability? , Central Bank of Iceland, vitja 11. september 2008.Paul H. Walgenbach, Norman E. Dittrich and Ernest I. Hanson, (1973), Financial Accounting, New York: Harcourt Brace Javonovich, Inc. Page 429. "The Measuring Unit principle: The unit of measure in accounting shall be the base money unit of the most relevant currency. This principle also assumes that the unit of measure is stable; that is, changes in its general purchasing power are not considered sufficiently important to require adjustments to the basic financial statements." Det motsette av inflasjon er deflasjon, som er ein varig nedgang i det generelle prisnivået av varer og tenester. Den vanlegaste måleeininga av inflasjon er inflasjonsrate, som er årleg prosentvis endring i den generelle prisindeksen.

Ikkje alle prisane vil auka like raskt. Å festa ein representativ verdi til eit sett av prisar er eit døme på «indeksproblemet».Diskutert ei rekkje gonger i «History of Economic Analysis» (1954) av Joseph Schumpeter. Konsumprisindeksen er ofte nytta til dette føremålet. Differensiell rørsle mellom konsumprisar og lønsnivå fører til ei endring av levestandarden. Årsakene til inflasjon har vore omdiskuterte, men det er konsensus i at vekst i tilgangen på pengar er den dominerande faktoren.

Dersom pengar var nøytrale, ville inflasjon ikkje ha effekt på realøkonomien. Effektar på realøkonomien er særs disruptive i tilfelle veldig høg inflasjon eller hyperinflasjon.B. Snowdon, Outside the Mainstream: an Interview with Axel Leijonhufvud (2002) Meir moderat inflasjon påverkar økonomiar i både positiv og negativ retning. Dei negative effektane er mellom anna ein auke i alternativkostnaden av å ha pengar, uvisse om framtidig inflasjon som avskrekkar investeringar og sparing, og dersom inflasjonen var snøgg nok, mangel på varer når konsumentar byrjar å hamstra på grunn av frykt for at prisane vil auka i framtida. Positive effektar femner reduksjon av arbeidsløyse på grunn av ein nominell rigiditet i løningane, som gjev sentralbanken større fridom i utforminga av pengepolitikken, som oppmodar til lån og investeringar i staden for hamstring av pengar, og at ein unngår ineffektivitetane assosierte med deflasjon.

I dag føretrekkjer mange økonomar ein låg og stabil inflasjon.Hummel, Jeffrey Rogers. "Death and Taxes, Including Inflation: the Public versus Economists" (January 2007). p. 56 Låg (i motsetnad til null eller negativ) inflasjon reduserer alvorsgraden av økonomiske resesjonar ved at arbeidsmarknaden kan tilpassa seg raskare i ein nedgangsperiode, og reduserer risikoen for at ei likviditetsfelle hindrar pengepolitikken frå å stabilisera økonomien."Escaping from a Liquidity Trap and Deflation: The Foolproof Way and Others" Lars E.O. Svensson, Journal of Economic Perspectives, Volume 17, Issue 4 Fall 2003, pp. 145–166 Ansvaret for å halda inflasjonsraten låg og stabil er vanlegvis gjeve til monetære styresmakter. Dei monetære styresmaktene er hovudsakleg sentralbankar som kontrollerer pengepolitikken gjennom å fastsetja renter, gjera marknadsoperasjonar og, meir sjeldan, stilla krav til reservar haldne av kommersielle bankar.

Definisjon Omgrepet inflasjon oppstod i USA på midten av 1800-talet, «ikkje i høve noko som skjer med prisar, men som noko som skjer med ein papirvaluta».Bryan, Michael F., "On the Origin and Evolution of the Word Inflation", Federal Reserve Bank of Cleveland, Economic Commentary, 15. oktober 1997. I dag refererer omgrepet til ein varig auke i det generelle prisnivået, til skilnad frå kortvarige svingingar.

Det finst fleire økonomiske konsept som er relaterte til inflasjon: deflasjon, eit fall i det generelle prisnivået; desinflasjon, ein reduksjon i inflasjonstakten; hyperinflasjon, ein inflatorisk spiral ute av kontroll; stagflasjon, ein kombinasjon av inflasjon, låg økonomisk vekst og høg arbeidsløyse; reflasjon, eit forsøk på å auka det generelle prisnivået for å motverka deflasjonspress og agflasjon, ein auke i prisane på råvarer frå landbruket samanlikna med den generelle prisstiginga.

Historie mini|Sølvinnhaldet i dei romerske sølvmyntane forringa raskt under krisa på 200-talet

Historisk har større infusjonar av gull og sølv inn i ein økonomi ført til inflasjon. Til dømes, når sølv var brukt som valuta, kunne styresmaktene samla sølvmyntar, smelta dei om og blanda inn andre metall som koppar og bly, og gje dei ut på nytt under same nominelle verdi, ein prosess kjend som fornedring. Ved oppstigninga av Nero som romersk keisar i 54 e.Kr. inneheldt denarius meir enn 90 % sølv, men på 270-talet var det knapt noko sølv att. Ved å tynna ut sølvet med andre metall, kunne regjeringa skriva ut fleire myntar utan å auka mengda sølv som vart brukt til å laga dei. Når prisen på kvar mynt går ned på dette viset, tener staten på ein auke i seigniorage. Denne praksisen ville auka pengemengda, men samtidig ville den relative verdien av kvar mynt bli senka. Ettersom den relative verdien av myntane blir lågare, vil forbrukarane måtta gje fleire myntar i bytte for dei same varene og tenestene som før. Desse varene og tenestene vil få ein prisauke ettersom verdien av kvar mynt blir redusert.Frank Shostak, "Commodity Prices and Inflation: What's the connection", Mises Institute

Adopsjonen av fiat-valuta i mange land, frå 1700-talet og utover, gjorde mykje større variasjonar i tilgangen på pengar mogeleg. Raske aukar i pengemengda har hendt fleire gonger i land som opplever politiske kriser, som har skapt hyperinflasjonar – episodar med ekstreme inflasjonsratar som er mykje høgare enn dei som vart observert i tidlegare periodar med varepengar. Hyperinflasjonen i Weimarrepublikken Tyskland er eit kjent døme. For tida er hyperinflasjonen i Venezuela den høgaste i verda, med ein årleg inflasjonsrate på 833 997 % per oktober 2018.

Sidan 1980-talet har inflasjonen likevel vore halden låg og stabil i land med uavhengige sentralbankar. Dette har ført til ein moderasjon av konjunkturane og ein reduksjon i variasjon i dei fleste makroøkonomiske indikatorane.

Målingar Sidan det er mange mogelege mål på prisnivået, er det mange mogelege mål for prisvekst. Oftast refererer omgrepet «inflasjon» til ein auke i ein brei prisindeks som representerer det samla prisnivået for varer og tenester i økonomien. Konsumprisindeksen (KPI) og BNP-deflatoren er nokre døme på breie prisindeksar. Likevel kan «inflasjon» også brukast til å skildra eit stigande prisnivå innanfor eit smalare sett av eigedelar, varer eller tenester i økonomien, slik som råvarer (inkludert mat, drivstoff, metall), materielle eigedelar (som eigedom), finansielle eigedelar (som aksjar, obligasjonar), tenester (som underhalding og helsetenester) eller arbeidskraft. Sjølv om verdiane av kapitaleigedelar ofte tilfeldig seiast å "blåsast opp", bør dette ikkje forvekslast med inflasjon som eit definert omgrep; ei meir nøyaktig skildring for ein auke i verdien av ein kapitaleigedel er verdistiging. Reuters-CRB-indeksen (CCI), produsentprisindeksen og sysselsettingskostnadsindeksen (ECI) er døme på smale prisindeksar som brukast til å måla prisvekst i gitte sektorar av økonomien. Kjerneinflasjon er eit mål på inflasjon for ei delmengd av konsumprisar som ekskluderer mat- og energiprisar, som stig og fell meir enn andre prisar på kort sikt.

Inflasjonsraten er oftast rekna ut ved å fastsetja rørsla eller endringa i ein prisindeks, typisk konsumprisindeksen.Sjå:

The consumer price index measures movements in prices of a fixed basket of goods and services purchased by a "typical consumer". Inflasjonsraten er den prosentvise endringa av ein prisindeks over tid.

Årsaker

Historisk sett var mykje økonomisk litteratur opptatt av spørsmålet om kva som valdar inflasjon og kva effekt det har. Det var ulike tankegangar om årsakene til inflasjon. Dei fleste kan delast inn i to breie område: kvalitetsteoriar om inflasjon og kvantitetsteoriar om inflasjon.

Kvalitetsteorien om inflasjon kviler på forventninga om at ein seljar aksepterer valuta for å kunna bytta den valutaen på eit seinare tidspunkt for varer seljaren ønsker som kjøpar. Kvantitetsteorien for inflasjon kviler på mengdelikninga for pengar som relaterer pengemengda, omløpsfarten og den nominelle verdien av utvekslingar.

For tida er mengdeteorien om pengar ålment akseptert som ein nøyaktig modell for inflasjon på lang sikt. Følgjeleg er det no brei semje hjå økonomar om at på lang sikt er inflasjonsraten i hovudsak avhengig av veksttakten i pengemengda i høve veksten i økonomien. Likevel kan inflasjonen på kort og mellomlang sikt bli påverka av tilbods- og etterspurnadspress i økonomien, og påverka av den relative elastisiteten til løningar, prisar og renter.

Spørsmålet om dei kortsiktige effektane varer lenge nok til å vera viktige er det sentrale temaet i debatten mellom monetaristiske og keynesianske økonomar. I monetarisme justerer prisar og løningar seg raskt nok til å gjera andre faktorar til berre marginal åtferd på ei generell trendlinje. I keynesiansk syn justerer prisar og løningar seg i ulik hastigheit, og desse skilnadene har nok effektar på reell produksjon til å vera «langsiktig» i synet på menneska i en økonomi.

Verknader av inflasjon

Inflasjon er nedgangen i kjøpekrafta til ein valuta. Det vil seia at når det generelle prisnivået stig, kan kvar pengeeining kjøpa færre varer og tenester samla. Effekten av inflasjon varierer på ulike sektorar av økonomien, med nokre sektorar som blir negativt påverka medan andre dreg nytte av det. Til dømes, med inflasjon, vil dei segmenta i samfunnet som eig fysiske eigedelar, som eigedom, aksjar osb., dra føremoner av at prisen/verdien på lageret deira aukar, når dei som søkjer å skaffa dei vil måtta betala meir for dei. Deira evne til å gjera det vil avhenga av i kva grad inntekta er fast. Til dømes er aukar i utbetalingar til arbeidarar og pensjonistar ofte etter inflasjonen, og for nokre menneske er inntekta fast. Også enkeltpersonar eller institusjonar med kontante eigedelar vil oppleva ein nedgang i kjøpekrafta til kontantane. Aukar i prisnivået (inflasjon) eroderer den reelle verdien av pengar (den funksjonelle valutaen) og andre postar med underliggjande monetær karakter.

Debitorar som har gjeld med fast nominell rente vil sjå ein reduksjon i den «reelle» renta etter kvart som inflasjonen stig. Realrenta på eit lån er den nominelle renta minus inflasjonsraten. Formelen R = N-I gjev tilnærma riktig svar så lenge både den nominelle renta og inflasjonsraten er låg. Den korrekte likninga er r = n/i der r, n og i er uttrykt som høvetal (til dømes 1,2 for +20 %, 0,8 for −20 %). Til dømes, når inflasjonsraten er 3 %, vil eit lån med ei nominell rente på 5 % ha ei realrente på om lag 2 % (faktisk er ho 1,94 %). Ein uventa auke i inflasjonsraten vil redusera realrenta. Bankar og andre långjevarar justerer for denne inflasjonsrisikoen anten ved å inkludera ein inflasjonsrisikopremie på fastrentelån, eller utlån til regulerbar rente.

Negative mini|Teikning av ein arbeidar som tiggar på ein haug av devaluerte og verdilause setlar