Fyresdal er ein norsk kommune som ligg sørvest i Telemark fylke. Han grensar mot Åmli, Bygland og Valle i Agder fylke, og mot Tokke, Kviteseid og Nissedal i Telemark.

Kommunen vart oppretta som Moland ved innføringa av formannskapslovene i 1838 og har ikkje hatt grensebrigde. Namnet blei endra til Fyresdal i 1879. Kommuneadministrasjonen held til i tettstaden Fyresdal.

Namn og symbol Namnet kjem av innsjønamnet Fyrir, det gamle namnet på Fyresvatn. Ordet fyrir er ein preposisjon som tyder det som ligg framanfor eller i vegen for ein. Dette gjorde vatnet då ein i folkevandringstida trengde seg oppover mot og inn i denne dalen utan farbare strender ein kunne ferdast langs. På norrønt vart det då Fyrisdalr, der førstedelen av namnet er genitiv av *Fyrir (no Fyresvatn). Det siste elementet, dalr, tyder 'dal'. Ein person frå Fyresdal vert kalla for «fyresdøl».

Kommunevåpenet til Fyresdal viser to skråstilte øksar i sølv på grøn botn. Det står for jordbruksnæring og skogdrift. Våpenet vart godkjent ved kongeleg resolusjon den 24. april 1992.

mini|venstre|Utsyn over Fyresvatn

Geografi Kommunen er prega av Fyresdalen, eit nord-sørgåande dalsystem med det 26 km lange Fyresvatnet i botnen.

Næringsliv Dei viktigaste næringane i Fyresdal har gjennom lengre tid vore skogbruk og jordbruk, særleg med husdyr som sau og storfe. Skogane gir ein årleg produksjon på om lag 33 000 m³ tømmer kvart år. Kommunen har òg tre kraftverk med ein årleg produksjon på 327 GWh. Fjellterrenget har lenge vore brukt til jakt og fiske, og trekker i dag turistar.

Det er litt industri i kommunen, mellom anna Telemark Kildevann som tappar kjeldevatn, ein mekanisk verkstad og møbel- og trevareindustri.

Samferdsle mini|høgre|Tårnet på Fyresdal flyplass Langs Fyresvassdraget gjennom kommunen går Fylkesveg 355 frå nord til sør, der han har samband med Rv. 41. I nord er han knytt saman med Fv. 38, og møter Europaveg 134 Drammen-Haugesund på Åmot i Vinje. Like nord for administrasjonssenteret Fyresdal, ved Verpe, ligg ein småflyplass, Fyresdal flyplass.

Kultur Ved Molandsmoen står Skeisteinen, ein runestein frå 1100-talet. Eit stort gravfelt ligg i parkområdet Øyskogen, med nokre freda furutre.

I kommunen ligg Moland kyrkje, ei krosskyrkje i tre frå 1843, og Veum kyrkje frå 1873.

Kjende personar frå Fyresdal Kjell Audun Aalandsli, trubadur Jon Lauritz Qvisling, pastor, forfattar og slektsforskar Vidkun Quisling (1887-1945), offiser og politikar avretta for landsforræderi Ivar Peterson Tveiten, politikar og stortingspresident Petter Veum, spelemann Knut Trondsson, spelemann John Lie, forfattar Haakon Lie, forfattar Bendik Taraldlien, forfattar og lokalhistorikar

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Fyresdal kommune» frå , den 8. januar 2011.

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Fyresdal kommune Vest-Telemark Blad - Lokalavis i Fyresdal Historiske arkiv etter Fyresdal kommune på Arkivportalen

l Kategori:Kommunar i Telemark