Jiehkkevárri (òg kjent som Jiekkevarri eller Jiekkevarre) er det høgaste fjellet i Troms fylke på 1834 moh. Fjellet ligg på grensa mellom kommunane Tromsø og Lyngen. På toppen ligg det ein stor brekuppel. Fjellet er det høgaste og mest dominerande i Lyngsalpane og er synleg på lang avstand.

Fjellet er det 402. høgaste i landet av fjella med ein primærfaktor på minst 50 meter. Søre Jiehkkevárri er ein annan fjelltopp i massivet. Denne ligg berre i Tromsø kommune og har ei høgd på 1656 meter over havet. Fjellet har ein primærfaktor på 1741 meter, noko som er nest størst i Noreg.

Sjå òg Høgaste fjell i Noreg Høgaste fjell i Noreg etter primærfaktor

Kategori:Fjell i Tromsø Kategori:Fjell i Lyngen Kategori:Lyngsalpan