Tøtta er eit fjell rett aust for byen Narvik i Nordland. Fjellet er synleg frå store delar av Narvik. Det består av to toppar, Beisfjordtøtta (1448 moh.) og Tøttatoppen/Rombakstøtta (1234 moh.). Mellom desse toppane er det islagte fjellplatået Njeknanjunni. Fjellet er relativt lett å nå toppen av. Berre få strekningar nær toppen av Rombakstøtta krev klatring.

Kategori:Fjell i Narvik