Kvanndalstinden er eit fjell på 1744 moh. i Rauma kommune i Møre og Romsdal. Kvanndalstinden er ein spiss og relativt utilgjengeleg topp, omkransa av brear. Toppen vart først klatra av den britiske tindeklatraren William Cecil Slingsby, Charles Hopkins og Lars Jansen i 1885. Etterpå skal Slingsby ha karakterisert Kvanndalstinden som «det brattaste fjellet i Europa».
Fjellet har fleire alternative ruter til toppen. Den mest populære av desse er Vestryggen, som ofte vert klatra i samband med traversen over Venjetindan. På vestryggen finn ein òg den spektakulære pinakkelen Torshammeren.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kvanndalstinden» frå , den 26. april 2008. oppgav desse kjeldene: Bø, Bjarte og Anne Grete Nebell: Klatring i Romsdal (1994)
Kategori:Fjell i Romsdal Kategori:Fjell i Rauma