mini|Kommunehuset og Norsk kvernsteinsenter mini|Kvernsteinsparken i Hyllestad Hyllestad er ein norsk kommune i Vestland fylke.
Kommunen grensar i nord mot Fjaler og i aust mot Høyanger. Sognefjorden dannar grense mot Gulen kommune i sør, mens Solund kommune ligg i sørvest. Hyllestad hadde 1268 innbyggjarar per 1.1.2023.SSB 07459: Alders- og kjønnsfordeling i kommuner, fylker og hele landets befolkning (K) 1986-2023
Kjennemerke Hyllestad har den siste tida vorte kjent for kvernsteinproduksjon, ein industri som var i drift i nesten 1000 år. Kvernsteinsproduksjonen vert for tida granska av folk frå Universitetet i Bergen.
Lihesten, eit landemerke på vestlandskysten er det høgaste fjellet i kommunen
Næringsliv Industri, landbruk og sjøbruk har vore grunnlag for størsteparten av sysselsetjinga i Hyllestad. Hjørnesteinsverksemda er båtverftet Havyard Leirvik.
Kommunesoge Hyllestad kommune vart skipa den 1. juli 1861 ved at Hyllestad og Øn sokn vart skilde ut frå Askvoll kommune og slegne saman med Bø sokn frå Lavik kommune.«Kommunehistoria i Hyllestad» på nettstaden til NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon Ved skipinga budde det 2475 personar i Hyllestad kommune.Dag Juvkam: «Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen» på nettstaden til Statistisk sentralbyrå. s. 53 I 1888 vart garden Krakken med 17 innbyggjarar overført frå Hyllestad kommune til Solund kommune.Dag Juvkam: «Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen» på nettstaden til Statistisk sentralbyrå. s. 56
Hyllestad sokn og prestegjeld mini|Hyllestad kyrkje Hyllestad er eit kyrkjesokn i Sunnfjord prosti, og det var til 2004 eit prestegjeld. Prestetenesta i Hyllestad vert no leia av prosten i Sunnfjord prosti,«Ytre Sogn prosti blir lagt ned - Solund fryktar for soknepresten sin» - NRK og prestegjeldet er nedlagt. Prestegjeldet vart danna i 1861 av sokna Hyllestad og Øn som vart overførte frå Askvoll prestegjeld og Bø som vart overført frå Lavik prestegjeld.«Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket Fram til 2001 var det tre sokn i Hyllestad prestegjeld, Bø sokn, Hyllestad sokn og Øn sokn, men då vart dei tre slegne saman til eitt felles Hyllestad sokn.Margrethe Henden Aaraas og Sigurd Vengen: «Øn kyrkje» Kulturhistorisk leksikon, Fylkesarkivet i Vestland Det er tre kyrkjer i soknet; Bø kyrkje frå 1868 på Bø ved Bøfjorden, Hyllestad kyrkje frå 1880 i Hyllestad ved Hyllestadfjorden og Øn kyrkje frå 1958 på Sørbøvåg på nordsida av Åfjorden.
Kjelder
Hyllestad i NRK Sogn og Fjordane fylkesleksikon Kvernsteingsbygda, NRK Sogn og Fjordane fylkesleksikon
Bakgrunnsstoff Hyllestad kommune Oversikt over kommunale arkiv frå Hyllestad i perioden 1862-1965 Oversikt over kommunale arkiv frå Hyllestad i perioden etter 1964
Kategori:Tidlegare kommunar i Sogn og Fjordane Kategori:Kommunar i Vestland Kategori:Sokn i Sunnfjord prosti