Risbotnvatnet (òg kalla Risbotsvatnet) er eit vatn som ligg i Sogndal kommune. Vatnet er ein del av Risbotnelvi , som er ei grein av Gaularvassdraget. Det ligg i dalføret Risbotnen på Gaularfjellet, og har namnet sitt frå dalen.
Ved øvste enden av vatnet ligg det støler som høyrer til gardar i Balestrand kommune. Det har vore strid mellom bønder i Balestrand og bønder i Viksdalen om eigedomane i dalføret.
Det er gode høve for fiske etter aure i Risbotnvatnet.
Referansar
Kategori:Innsjøar i Sogndal Kategori:Gaularvassdraget