Bordalsvatn er ein innsjø som ligg i Vinje kommune i Telemark. Vatnet har sine hovudtilløp frå elvane Bora og Havrå og hovudutløpet sitt ved den eine av to dammar, der elva Bora held fram til han renn saman med elva Kjela nede ved Edland. Bordalsvatn er kraftig regulert, med ei reguleringshøgd på ca 40 meter. Systemet er ein del av Skiensvassdraget.

Kategori:Innsjøar i Vinje Kategori:Skiensvassdraget