Anders Fogh Rasmussen () er ein dansk politikar frå Ginnerup i Danmark. Han har mellom anna vore leiar for Venstre, statsminister i Danmark og generalsekretær for NATO.
Karriere Rasmussen var leiar for Liberal Ungdom 1970–1972 og Venstres Ungdom 1974–1976, og har hatt fleire styreverv i det danske næringslivet.
I perioden mellom 10. september 1987 og 18. desember 1990 var han skatteminister i Danmark, og frå 18. desember 1990 til 19. november 1992 var han skatteminister og økonomiminister.Anders Fogh Rasmussen i Folketinget.dk
Han var formann for partiet Venstre, og var statsminister i Danmark mellom 27. november 2001 og 5. april 2009. Han er dermed den lengst sitjande statsministeren frå Venstre og den einaste som har sete kontinuerleg i tre valperiodar.
Rasmussen vart utnemnd til generalsekretær i NATO den 4. april 2009. Kort tid etter utnemninga trekte han seg som statsminister i Danmark, følgeleg vart statsministerposten gjeven til den dåverande nestleiaren i Venstre Lars Løkke Rasmussen. Rasmussen var generalsekretær i NATO frå 1. august 2009 til 1. oktober 2014.Larsen, Thomas: Anders Fogh Rasmussen i Den Store Danske på lex.dk. Henta 24. oktober 2023.
Bibliografi Opgør med skattesystemet (1979) Kampen om boligen (1982) Fra Socialstat til Minimalstat (1993)
Som medforfattar Den truede velstand (1980) Slaget om landsbyen (1981) Liberal Ungdom gennem 75 år (1983) Handelen år 2000 (1985) Bolig og økonomi (1987) Danmark år 2000 (1987) Arbejdslyst og velfærd – en umulig cocktail? (1993)
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Danske statsministrar Kategori:Danske økonomiministrar Kategori:Danske skatteministrar Kategori:Venstre-ministrar i Danmark Kategori:Folketingsmedlemmar frå Venstre i Danmark Kategori:Danske økonomar Kategori:Danske sakprosaforfattarar Kategori:Generalsekretærar i NATO Kategori:Dannebrogordenen Kategori:Nordstjerneordenen Kategori:Fortenestordenen til forbundsrepublikken Tyskland Kategori:Folk frå Norddjurs