Askvoll er ein kystkommune i Sunnfjord i Vestland fylke.

Geografi Kommunen ligg ut mot Nordsjøen og dekkjer området mellom ytste delane av Dalsfjorden/Vilnesfjorden og Førdefjorden og øyene utom, og strekkjer seg frå Bulandet i vest til grensa mot Sunnfjord kommune i aust. Nabokommunane er Kinn i nord, Sunnfjord i nordaust, Fjaler i sør, og Solund i sørvest.

Kommunevåpenet Kommunevåpenet til Askvoll viser ein stilisert kross på grøn botn. Motivet er henta frå den kring tusen år gamle og nær fire meter høge steinkrossen ved Korssund. Korssund høyrde fram til 1990 til Askvoll kommune, men vart då overført til Fjaler kommune.

Samfunn

Kyrkjeliv Askvoll sokn vart 1. januar 2006 slege saman med Holmedal sokn og Vilnes sokn til eitt sams sokn som heiter Askvoll sokn. Askvoll sokn har same utstrekkinga som Askvoll kommune og ligg under Sunnfjord prosti i Den norske kyrkja. Fram til 2004 var Askvoll eit eige prestegjeld, men då vart prestegjeldsordninga fasa ut og prestetenesta i Askvoll vert no leia av prosten i Sunnfjord.

Kyrkjer og kapell Askvoll kyrkje ligg i tettstaden Askvoll og vart bygd i 1863. Arkitekt for kyrkja var Anders Askevold. Ein meiner at den fyrste kyrkja i Askvoll vart bygd på 12- eller 1300-talet. Ein veit at det vart bygd ny kyrkje i 1604, ho stod til 1859 då ho vart riven. Kyrkja som står no avløyste ei kyrkje som brann ned etter lynnedslag i 1862, berre 3 år etter ho var nybygd 1859.

Holmedal kyrkje står i Holmedal, er teikna av Christian Christie, og vart sett opp i 1868. Gamlekyrkja frå ca 1600 vart då riven. Renessansealtartavla vart flytt over i den nye kyrkja. Ei av kyrkjeklokkene kjem frå kyrkja som stod i Holmedal før 1600. Ein meiner at den kyrkja kan ha vore ei stavkyrkje.

Vilnes kyrkje står på Vilnes på Atløy. Ho vart bygd i 1674 og påbygd i 1959. mini|Kvammen kapell, bygt i 1977. Kvammen kapell ligg i grenda Kvammen og vart bygd i 1977.

Stongfjorden bedehuskapell ligg i grenda Stongfjorden og vart sett opp i 1908.

Bulandet bedehuskapell ligg på Bulandet og vart bygd i 1905 og påbygd i 1909 og 1966.

Værlandet bedehuskapell ligg på Værlandet og vart bygd i 1960 og påbygd i 1990.

Politikk Kommunestyrevalet 2003 Ei viktig sak i valkampen fram mot 2003-valet var Dalsfjordbrusaka. Einaste partiet som sa seg klart mot brua var Venstre. I valet var det Venstre som vart partiet som fekk flest stemmer, 28,4 %, og dei fekk 6 representantar i kommunestyret, men dei fekk ikkje ordføraren. Etter forhandlingar mellom Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Høgre og Kristeleg Folkeparti vart Aud Kari Steinsland frå Arbeidarpartiet ordførar og Bjørn Arne Mjåseth frå Senterpartiet varaordførar.

Ved kommunestyrevalet i 2003 fordelte røystene seg prosentvis slik: Parti Prosent av røystene Arbeidarpartiet 19,7 Framstegspartiet 3,8 Høgre 13,2 Kristeleg Folkeparti 6,6 Senterpartiet 16,6 Sosialistisk Venstreparti9,5 Venstre 28,4 Andre 2,3

Kommunesoge mini|Gjelsvik på sørsida av Førdefjorden. Gjelsvik vart saman med Flokenes, Skorva, Kvammen og Rørvik overført til Askvoll i 1964 då Vevring kommune vart oppløyst. Askvoll var eige skipreide frå mellomalderen, og etter reformasjonen vart namnet brukt på prestegjeldet i området. I 1837 vart so Askvoll formannskapsdistrikt skipa. Som i resten av landet vart det då oppretta formannskapsdistrikt i kvart prestegjeld, slik Lov om Formandskaber paa Landet samt om Districternes almindelige Commune-Anliggender frå same året kravde. Prestegjeldet famna då i tillegg til mykje av det som i dag er Askvoll kommune også sokna Øen, Hyllestad og Nordsula, det vil seie bygdene langs kysten lengst nord i det som no er Solund kommune og ytst i det som no er Hyllestad kommune. I nord mot Førdefjorden var Staveneset og Grimelid dei nordlegaste grendene i Askvoll. På nordsida av Dalsfjorden gjekk grensa mellom Ytre Holmedal formannskapsdistrikt og Askvoll vestom Vårdal, og på sørsida gjekk ho mellom Hellevik og Fure. I 1861 gjekk sokna Hyllestad og Øen med i det nye heradet Hyllestad, og i 1887 vart Nordsula med i det nye heradet Solund. Den neste store endringa i kommunestrukturen kom i 1964. Då vart nabokommunane til Askvoll, Bru og Vevring ved Førdefjorden oppløyste og bygdene Osland, Stavestrand, Vågane, Flokenes, Skorva, Gjelsvik, Kvammen og Rørvik vart overførte til Askvoll. Den siste kommunebrigdet kom i 1990, då vart grensa mellom Askvoll og Fjaler (tidlegare Ytre Holmedal) sett til å gå langsetter Dalsfjorden, og dei bygdene på nordsida som tidlegare hadde høyrd til Fjaler vart overførte til Askvoll, medan bygdene på sørsida som tidlegare hadde høyrd med i Askvoll vart del av Fjaler. Det var bygdene Vårdal, Holmedal, Rivedal og Fossedal som då vart overførte til Askvoll, medan Fure, Grytøyra, Korssund og Folkestad vart overførte til Fjaler.

Ordførarar i Askvoll

1837–1839 Georg Prahl Harbitz 1839–1840 Mads M. Askevold 1842–1857 Carl Johan Christie 1858–1862 Mons A. Askevold 1863–1867 Mads M. Askevold 1868–1871 Mathias V. Rødsæth 1872–1873 Jens O. Askevold 1874–1879 Kolbein S. Fismen 1880–1907 Ole S. Nordeide 1908–1934 Mathias K. Stubseid 1934–1942 Olai Einen 1945 Olai Einen 1946–1955 Sverre Ringstad 1956–1963 Mads Flokenes 1964–1971 Magne Loftheim 1972–1987 Kåre Ness 1988–1992 Jorunn Ringstad 1993–2003 Kjellaug Veivåg Høyvik 2004–2007 Aud Kari Steinsland 2007–2011 Aud Kari Steinsland 2011–2017 Frida Melvær 2017– Ole André Klausen

Folk frå Askvoll

Johannes Winding Harbitz (1831–1917), skipsreiar og politikar (H) Anders Askevold (1834–1900), kunstmålar Mathias Stubseid (1864–1934), ordførar (V) i Askvoll i 26 år, 1908–1934 Nikolaus Gjelsvik (1866–1938), professor i rettsvitskap Abraham Loftheim (1893– 1966), sakprosaforfattar Jørgen Stang (1924–2002), barnebokforfattar og lyrikar Oddvar Torsheim (1938–), multikunstnar Jorunn Ringstad (1943–2005), stortingsrepresentant (Sp) Frida Melvær (f. 1971), stortingsrepresentant (H) Tore Storehaug (f. 1992), stortingsrepresentant (KrF)

Sjå òg Blægja Ahil

Bakgrunnsstoff

Ordførarar i Askvoll frå 1837 Oversikt over kommunale arkiv frå Askvoll i perioden 1837-1964 Oversikt over kommunale arkiv frå Askvoll i perioden etter 1964

Kategori:Sunnfjord Kategori:Tidlegare kommunar i Sogn og Fjordane Kategori:Kommunar i Vestland Kategori:Norske kommunar skipa i 1838