Mjermen er ein innsjø som ligg i Aurskog-Høland kommune i Akershus. Mjermen er skild frå den noko større innsjøen Setten ved Kolstadfoss der ein kort jernbanestrekning tidlegare vart nytta til å frakte båtar mellom innsjøane.
Det er noko båtliv om sommaren på Mjermen. Det offentlege friluftsområdet Halsnes ligg som ei halvøy ut i Mjermen.
Kategori:Innsjøar i Aurskog-Høland Kategori:Haldenvassdraget Kategori:Reservoar i Akershus