Sula, òg kalla Indre Solund eller Indre Solundøy, er hovudøy i Solund kommune i Vestland. Øya ligg på nordsida av Sognesjøen, den ytste delen av Sognefjorden, og har eit areal på 116 km². Sørvest på øya, ved Liasundet, ligg den tettbygde staden Hardbakke, der kommuneadministrasjonen i Solund held til.
Fleire smale fjordar skjer seg innover øya og deler ho nesten i fleire bitar. På sørsida ligg Nessefjorden og på nordsida Hagefjorden og Dumbefjorden. I vest ligg øya Steinsundøy og vest for denne igjen Ytre Sula. I aust ligg Losna og Skorpa.
Folketalsutvikling 1801Folketeljing 1801, frå Digitalarkivet 1900Folketeljing 1900 for Solund herred, frå Digitalarkivet 378 703
Kjelder
Kategori:Øyar i Solund