Horten er ein bykommune i Vestfold som ligg mellom Holmestrand i nord, og Tønsberg i sør.
Geografi Kommunen har rundt 40 km kystline mot Oslofjorden, med kyststi og fleire store friområde. Han inkluderer tettstadane Horten, Borre, Nykirke, Åsgårdstrand og Skoppum.
Kommunane Borre og Åsgårdstrand blei slått saman i 1965. Borre og Horten kommunar blei slått saman i 1988. Fram til 1. juni 2002 heitte kommunen Borre.
Historie Det er funne spor i kommunen etter busetjingar heilt tilbake til steinalderen. Borrehaugane ber vitne om at kommunen var eit maktsenter i vikingtida.
Frå 1582 var Horten ferjestad mellom Horten og Moss.
Byvåpenet til Horten var det fyrste byvåpenet kong Håkon VII godkjente. Det skjedde i 1907.
Kultur Utdanning
Universitetet i Søraust-Noreg sin Campus Vestfold, tidlegare Høgskolen i Vestfold ligg på Bakkenteigen, midtvegs mellom Åsgårdstrand og Horten by. Utdanningstaden har eit tett samarbeid med fleire av elektronikkbedriftene i kommunen, og med Befalsskulen for Sjøforsvaret som ligg i Horten by.
Kyrkjer Det finst fleire kyrkjer i kommunen, mellom anna Løvøykapellet frå mellomalderen og Horten kyrkje.
Idrett Fotballklubbane Ørn-Horten og Falk kjem frå Horten.
Kjende hortensarar Francis Hagerup (1853-1921), politikar og statsminister Astrid Tollefsen (1897-1973), diktar Astrid Hjertenæs Andersen (1915-1985), diktar Rolv Wesenlund (1936–2013), skodespelar og moromann Jørgen Kosmo (1947–2017), politikar og stortingspresident Kurt Aust (f. 1955), opphavleg dansk forfattar Arne Johan Vetlesen (f. 1960), filosof (Horten, fødd i Oslo) Maria Aasen-Svensrud (f. 1980), stortingskvinne (Ap) sidan 2017 Marie Ulven Ringheim (f. 1999), artist, kjend som «» Vidar Lønn Arnesen, programleiar Per Bredesen, norsk fotballspelar Grete Kausland, skodespelar og songar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Horten» frå , den 9. februar 2005.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kommunar i Vestfold