Jostefonni er ein isbre i Sunnfjord og Sogndal i Vestland 15 km sørvest for den sørlegaste delen av Jostedalsbreen. Han har eit areal på 12 km² og er den 31. største isbreen i Noreg utanom Svalbard.

To gonger på 1800-talet, i 1820 og i 1848, oppstod det jøkulhlaupar frå breen. Vetlefjordbreen, ein liten brearm av Jostefonn, demde opp eit vatn i Skaddalen og store mengder vatn raste ned Vetlefjorddalen då demninga brast og øydela fleire gardar.Liestøl, O., (1956). «Glacier dammed lakes in Norway». Norsk Polarinstitutt med. 81

NVE har overvaka breen og føreteke målingar sidan 1995.

Sjå òg Isbrear i Noreg

Kjelder

Kategori:Isbrear i Vestland Kategori:Geografi i Sogndal Kategori:Geografi i Sunnfjord