Nordre Folgefonna er den nordlegaste av dei tre isbreane som Folgefonna består av. Han er den nest største av desse tre med eit areal på 26 km² og den trettande største i Noreg (utanom Svalbard). Breen ligg i kommunane Kvinnherad og Ullensvang i Vestland.

Det høgaste punktet på breen er 1640 meter over havet, og det lågaste er 990 meter over havet.

Kategori:Isbrear i Vestland Kategori:Geografi i Ullensvang Kategori:Geografi i Kvinnherad