Oksfjorden (nordsamisk Vuoksavuotna) er ein fjord på nordsida av Nordkinnhalvøya i Lebesby kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 14 km søraustover til garden Sørbotnen i botn av fjorden.
Fjorden har innløp mellom Kjelsnæringen i vest og Engelsnæringen i aust. Fjorden går på nordaustsida av Skjøtningberghalvøya. Sør for denne ligg Kjøllefjorden. Det fråflytta fiskeværet Skjøtningberg ligg på sørsida heilt ytst i fjorden, elles er det berre busetnadar inst i fjorden.
Fylkesveg 894 går langs botn av fjorden.
Kategori:Fjordar i Lebesby