mini|300px|Rammstein nyttar seg ofte av pyroteknikk på scena, her i form av flammekastarar i Stockholm Globe Arena i Stockholm.

Rammstein er eit tysk Neue Deutsche Härte (NDH)/industrimetall-band. Rammstein syng nesten utelukkande på tysk, men er eit suksessfullt band globalt.

Rammstein blei grunnlagd i 1994. Namnet kjem indirekte ifrå den vest-tyske byen Ramstein-Miesenbach der ei flyulukke skjedde under ei flyoppvising den 28. august 1988. Bandet la til ein eksta m i namnet.

I tillegg til å syngje på tysk har dei også sangar som er skrivne heilt eller delvis på engelsk, spansk, fransk og russisk.

Medlem Till Lindemann - vokalist Richard Z. Kruspe - gitar, støttevokalist Paul Landers - rytmegitar, støttevokalist Oliver Riedel - bassgitar Christoph «Doom» Schneider - trommer Christian «Flake» Lorenz - keyboard

Diskografi Studioalbum

Herzeleid (1995) Sehnsucht (1997) Mutter (2001) Lichtspielhaus (2004) Reise, Reise (2004) Rosenrot (2005) Liebe ist für alle da (2009) Rammstein (2019) Zeit (2022) Livealbum Live aus Berlin (1999) Völkerball (2006) Turnéar Herzeleid Tour (1994–1996) Sehnsucht Tour (1997–2000) Family Values Tour 1998 (22. september 1998 – 31. oktober 1998) Mutter Tour (2001–2002) Pledge of Allegiance Tour (2001) Ahoi Tour (Reise, Reise Tour) (2004–2005) Liebe Ist Für Alle Da Tour (2009–2011) Made in Germany 1995-2011 Tour (2011–2013) Rammstein Tour 2016 (2016) Sjå òg

110393 Rammstein, ein asteroide namnsett etter bandet

Kategori:Industrimetall Kategori:Tyske musikkgrupper Kategori:Musikkgrupper skipa i 1994