Barna i Bakkebygrenda (svensk Barnen i Bullerbyn) er ein barneflokk av Astrid Lindgren-karakterar som bur i tre hus ved sida av kvarandre i ei lita grend.
I Nordgården bur systrene Britta og Anna, i Mellomgården bur forteljaren Lisa med sine storebrør Lasse og Bosse og i Sørgården bur Olle og veslesystra hans Kerstin. Den siste er vitterleg eit bakkebygrendbarn ho med, men ho er berre eit år eller to gamal, medan dei øvrige er i tiårsålderen, så ho er sjeldan med på eventyra deira.
Bakkebygrenda finst i verkelegheita, men staden heiter eigentleg Sevedstorp. Astrid Lindgren såg seg sjølv som eit bakkebygrendbarn, då mykje av det som vert fortalt om i bøkene er minne frå hennar eigen barndom.
Bøker 1947 Alla vi barn i Bullerbyn 1949 Mera om oss barn i Bullerbyn 1952 Bara roligt i Bullerbyn 1961 Bullerbyboken (samling) 1963 Jul i Bullerbyn 1965 Vår i Bullerbyn 1966 Barnens dag i Bullerbyn
Filmar 1960 Alla vi barn i Bullerbyn, regi: Olle Hellbom 1961 Bara roligt i Bullerbyn, regi Olle Hellbom 1986 Alla vi barn i Bullerbyn, regi: Lasse Hallström 1987 Mer om oss barn i Bullerbyn, regi: Lasse Hallström
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Barnen_i_Bullerbyn» frå , den 8. februar 2005.
Bakgrunnsstoff Astrid Lindgrens heimeside
Kategori:Astrid Lindgren-figurar Kategori:Oppdikta barn