Bårdfjorden (samisk Viektavuotna) er ein fjord på vestsida av øya Seiland i Hammerfest kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 4,5 km søraustover til Indre Kalvebukt i botn av fjorden.
Fjorden har innløp mellom Hompavika i nord og Tåneset eller Skarstolodden i sør. Tåholmeen eller Skarstolholme ligg like aust for Tåneset. Like aust for holmen igjen finn ein det djupaste punktet i fjorden på 141 meter. Lenger inn i fjorden ligg Bårdfjordholmane. Det er ingen busetnader ved fjorden.
Kategori:Fjordar i Hammerfest