Hardangerjøkulen er den sjette største isbreen på det norske fastlandet og ligg i kommunane Ulvik og Eidfjord i Vestland. Flatevidda er 73 km². Det høgaste punktet på breen er 1863 moh., som er det høgaste punktet i Hordaland fylke.
Brearmen Rembesdalskåka () er ein sør-vestleg del av Hardangerjøkulen. Smeltevatn frå breen renn ned i Rembesdalsvatnet og Simadalen i Hardanger. Vasskraftverket Sima kraftverk i Eidfjord utnyttar avrenninga frå aust-, sør- og vestsida av Hardangerjøkulen. mini|venstre|Rembedalskåka, ein arm av Hardangerjøkulen. Biletet er teke av GerdM i august 2003 Breen har fleire brearmer, der Blåisen og Midtdalsbreen aust mot Finse og Rembesdalskåka vest mot Simadalen, er mest kjend. Ved Rembesdalskåka ligg DNT Fjellsport Oslo si hytte Demmevasshytta.
Midtdalen vart nytta til innspelinga av Star Wars Episode V: Imperiet slår tilbake som isplaneten Hoth.
Bakgrunnsstoff NVE om Hardangerjøkulen Foto og omtale om jøkulen
Kategori:Geografi i Eidfjord Kategori:Geografi i Ulvik kategori:Hardanger kategori:Isbrear i Vestland