Namsos kyrkje er ei kyrkje frå 1960 i Namsos kommune i Trøndelag fylke. Kyrkja ligg sentralt i Namsos by.

Byggverket er i tegl og har 520 plassar.

Tidlegare kyrkjer Den fyrste kyrkja i Namsos by var ei åttekantkyrkje i tre som vart innvigd i 1859. Ho gjekk med i bybrannen 27. juni 1872. Ei lafta langkyrkje teikna av Håkon Mosling vart innvigd i 1874 og gjekk med i bybrannen 30. mai 1897. Ei langkyrkje i gråstein teikna av Karl Norum vart innvigd 18. desember 1903. Den 20. april 1940 vart Namsos utsett for brannbombing, og alt brennbart i kyrkja brann, slik at berre murane stod att. Desse vart rivne, og ny kyrkje vart oppført etter krigen.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kyrkjer i Namsos Kategori:Norske kyrkjer frå 1960 Kategori:Kulturminne i Namsos Kategori:Kyrkjer i Namdal prosti