Egge kyrkje er ei langkyrkje frå 1870 i Steinkjer kommune i Trøndelag fylke.steinkjerleksikonet.no: «Egge kirke» Kyrkja ligg på Egge i Steinkjer by.
mini|venstre|Egge kyrkje fotografert i 1927.
Tidlegare kyrkjer på Egge Fyrste gong ein finn kyrkja på Egge nemnd i kjeldene er i 1588. Utfrå det ein kan lese av dokumenta etter ein inspeksjon i 1661 var dette truleg ei stavkyrkje, og det er truleg at ho har vore bygd som høgendekyrkje for hovdingen på storgarden Egge. I 1676 vart det bygd ny kyrkje ved at den gamle vart påbygd slik at det vart ei krosskyrkje. Denne andre Eggekyrkja stod til 18. august 1765 då lynet slo ned og ho brann ned til grunnen. Den tredje kyrkja stod ferdig på Egge i 1767, og vart ståande til 1870 då ho vart riven og den noverande kyrkja vart bygd. Kyrkja slik ho står i dag er i empirestil.
Kjelder
steinkjerleksikonet.no: «Egge kirke» Om Egge kyrkje på nettstaden til Egge museum
Fotnotar
Bakgrunnsstoff Steinkjer kyrkjelege fellesråd: Egge kirke
Arkivverket: Prestegjeld og sogn i Nord-Trøndelag
Kategori:Kyrkjer i Stiklestad prosti Kategori:Kyrkjer i Steinkjer Kategori:Norske kyrkjer frå 1870-åra Kategori:Kulturminne i Steinkjer Kategori:Langkyrkjer i Nidaros bispedømme Kategori:1870 i Noreg