Rolf Dagfinn Groven () var ein norsk biletkunstnar frå Fræna i Møre og Romsdal. Han var utdanna innan byplanlegging, arkitektur og kunst. Groven fekk eit gjennombrot som kunstnar med biletet Rolv Wesenlund og Mona Lisa i 1971. Biletet Atomgutten frå 1977 vart nytta i mange land i høve den politiske kampen mot satsing på atomkraftverk.

Mange av bileta ber preg av eit politisk standpunkt på venstresida i norsk politikk. Til tider har det vore mykje ordskifte knytt til bileta hans. Fleire gonger har Groven sine bilete vorte refusert av Haustutstillinga.

I dei politiske satirebileta kan det mellom anna sporast nokre hovudpunkt:

Motstand mot mellom anna Vietnamkrigen og andre krigar.

Motstand mot norsk medlemskap i den europeiske unionen, noko som kanskje påverka utfallet i 1972 og 1994. EU. I tillegg motstand mot norsk distriktspolitikk.

Groven var positiv til miljøvernrørsla, f.eks. «Oljemaleri» (1975) og «Bruer og ferge», som begge er måla fritt etter Adolph Tidemand og Hans Gudes «Brudeferd i Hardanger», og «Alta» (1980).

Bakgrunnsstoff Rolf Groven si heimeside med biletgalleri Rolf Groven i Kulturnett

Kategori:Norske målarar Kategori:Folk frå Fræna Kategori:Målarar frå 1900-talet Kategori:Målarar frå 2000-talet