Halldis Moren Vesaas () var ein norsk lyrikar, omsetjar og kulturarbeidar, som på mange område gjorde ein omfattande innsats for nynorsk språk og kultur.
Dei fleste av diktsamlingane hennar, seks av i alt åtte, kom ut i åra frå 1929 til 1947. Det sentrale temaet er opplevingar og kjensler hjå kvinner gjennom dei ulike livsfasane: ungdom, forelsking, partilhøve i lukke og i motgang, morsrolle og til sist den modne kvinna og hennar perspektiv på livet og gleda ved ny kjærleik.
Halldis Moren Vesaas vann ry som gjendiktar gjennom arbeidet sitt med klassisk dramatikk, ho var ein ettertrakta opplesar, og ho hadde fleire sentrale verv i kulturlivet, mellom anna i Riksteateret, forfattarforeininga og Norsk kulturråd. Ho var fødd i Trysil, det meste av det vaksne livet sitt budde ho på Midtbø i Vinje, frå 1933 til rundt 1970, saman med ektemannen og kollegaen Tarjei Vesaas.
Livsløp Halldis Moren vart fødd på garden Mora i Strandbygda, ei halv mils veg nord for Trysil sentrum, som dotter av forfattaren Sven Moren. Mora, Gudrid Breie, var frå Ål i Hallingdal. Halldis voks opp i eit rikt kulturelt miljø, der mange av jamaldringane hennar også utfalda seg i kulturlivet. Halldis var eldst og einaste jente i ein syskenflokk på fem. Broren Jon (fødd 1909) overtok heimgarden, Torleiv (fødd 1911) utdanna seg til målar, Gudmund (fødd 1913) døydde i juni 1927, medan tvillingbroren Sigmund vart forlagskonsulent og rektor ved Elverum folkehøgskule. Halldis fekk utgjeve det første verket sitt ni år gammal, ei kort historie i Norsk barneblad.
Halldis utdanna seg ved Elverum lærarhøgskole 1925–1928, og hadde deretter ulike jobbar i Hamar og Oslo i to år, mellom anna ved Heim for landsungdom i Nordahl Bruns gate i Oslo. Her utgjorde ho saman med Kai Fjell, Åsmund Sveen og broren Torleiv eit kulturmiljø.Halldis Moren Vesaas: «Andletet i brunnen, om Åsmund Sveen» i Forfatternes litteraturhistorie bd. 4, 1981. Opptrykt i Festskriftet 1987 og i Livet verdt. I 1930 flytte ho til Sveits, der ho arbeidde i tre år som sekretær.
mini|Frå Midtbø. mini|Frå Midtbø. Ho møtte forfattaren Tarjei Vesaas i 1931, gjennom Mikkjel Fønhus, ein venn av Vesaas. Fønhus, som sjølv var avvisande til ekteskap og kvinner på denne tida, hadde invitert begge på middag ein kveld alle tre var i Oslo. Fønhus sjølv melde forfall. Ref: Halldis Moren Vesaas: «Giftekniven» i Mikkjel Fønhus, slik vi husker han (1974), gjenopptrykt i Livet verdt (1998). Båe kjende då forfattarskapen til den andre.Halldis Moren hadde (som ho sa sjølv) anonymt skrive bokmelding av boka hans Dei svarte hestane i ei avis (men det er ingen spor av dette i Tarjei Vesaas-bibliografien i festskriftet hans i 1967), og brevet hans til henne etter debuten er legendarisk: «Eg vart heilt hugteken av dykkar unge song […] De er so uredd og varm» (sitert frå Liv og dikt i lag, 2003). Dei fann umiddelbart tonen, og innleidde eit avstandsforhold.Glimt frå avstandsforholdet kan ein finne mellom anna i diktet hans «Ein kveld i Verona» (fulltekst ) julefeiringa deira i Roma i 1932. Paret gifte seg i april 1934 og busette seg i Vinje i Telemark på Midtbø, ein gard Tarjei hadde kjøpt av onkelen Øystein Vesaas i 1930. I 1935 kom sonen Olav til verda. Fire år seinare vart dottera Guri fødd. Halldis arbeidde som lærar i Vinje frå 1941 til 1943.
Hovudtyngda av den lyriske forfattarskapen hennar skriv seg frå dei atten åra etter debuten: Seks diktsamlingar frå 1929 til 1947, i tillegg til to barnebøker og ein roman. Den seinare skjønnlitterære forfattarskapen omfattar berre to eigne diktsamlingar, i 1955 og 1995, og ei novellesamling. Likevel klarte ho å halde på posisjonen blant lesarane i 40 år utan å gje ut ei ny diktsamling.Dag Aanderaa: «Halldis Moren Vesaas» i Norsk biografisk leksikon, 2. utg. bd 9, 2005. I sjølvbiografien peikar ho sjølv på korleis hennar eiga «lyriske åre» rann tom nett i dei same åra som ektemannen byrja å skrive lyrikk.
I åra frå 1946 og framover vart Halldis Moren Vesaas ein av dei mest allsidige og aktive kulturarbeidarane i Noreg. Dette var ei rolle ho tok på seg bit for bit, og i aukande grad etter som familiesituasjonen gav rom for det. Ho gjendikta og omsette for teater, og då særleg for Det norske teatret, og ho skreiv artiklar om ulike emne og var ekstern forlagskonsulent – først for Noregs Boklag og seinare for Samlaget. Nokre årstal som kan brukast som indikatorar for når dei ulike oppgåvene hennar i den allsidige kulturarbeidar-rolla utvikla seg, er 1938, då den første barnebokomsetjinga er registrert, 1949 med vervet i Riksteateret, 1951 med biografien om faren, og 1961 då ho fekk Bastianprisen for gjendiktinga av Jean Racines Phèdre. Ho sat i styret for Riksteateret frå 1949 til 1969 — dei siste tolv åra som nestformann, medlem og nestleiar i Den norske forfatterforenings litterære råd frå 1952 til 1972, medlem av Norsk språknemnd frå 1952 til 1967, medlem av Norsk Teaterråd i 1964 og medlem av styret for Norsk kulturråd frå 1965 til 1972. Rundt 1950 samarbeidde ho med Thorbjørn Egner om lesebøkene, både om innhaldet, og ved å leggje dei nynorske utgåvene av bøkene til rette. Ho skreiv fleire sjølvstendige bidrag til bøkene, og fekk òg ektemannen Tarjei til å skrive for lesebøkene. På heimebane i Vinje engasjerte ho seg i kultur- og samfunnsoppgåver i heimbygda, mellom anna som skulestyreformann i nokre år frå 1946.
Både i forfattarskapen og i andre samanhengar var ho ein medviten, men samtidig sjeldan konfliktleitande, kvinnesakforkjempar. Retten til eiga inntekt, eige arbeidsbord og sjølvstendig identitet er ein raud tråd i sjølvbiografiane, på same måte som ei tydeleg kvinneleg livskjensle er eit gjennomgangstema i lyrikken.
Halldis Moren Vesaas vart enkje i mars 1970, og flytte sidan til Oslo, der ho budde i Jacob Aalls gate på Majorstua. På 1980-talet var ho kjærast med skodespelaren Gisle Straume (1917–1988).Diktet «Ferdaminne frå sommaren 1985» (i Livshus) er med den leikne rapporten om «kyssing i heisen» eit personleg glimt frå desse åra. Ho vart utnemnd til Kommandør av St. Olavs Orden i 1984. I 1992 vart ho sjuk og døydde roleg tidleg på hausten 1995, 87 år gammal.
Forfattarskap
Dei fleste dikta til Halldis Moren Vesaas er tradisjonelle i form og handlar om kvinneliv, kjærleik, meininga med livet, etter kvart òg dauden. Dei fleste og meste kjende av dikta er i beste forstand høvesdikting, sprunge ut av livsfasar, personlege røynsler og observasjonar om menneske og samfunn; stadig meir prega av ein varm humanisme og sosial ansvarskjensle.Eller sagt med Olav Dalgard sine ord i «Halldis Moren Vesaas» i Norsk biografisk leksikon, 1. utg. bd 17, 1975: «Grunntonen i lyrikken til HMV er merkt av ei bivrande lykkekjensle og takksemd over det å få leva, elske, vera mor, møte hjartevarme hos andre menneske, og kjenne angen fra alt som gror og veks».
Ho skriv sjølv i forordet til Ord over grind, utvalde dikt (1965): «Dei dikta som gjennom åra «steg ned» til meg har da òg vore eit slags biprodukt av det å leve. Har den nøyaste samanheng med det […] Når livet bruste som høgst i ein, i lykke eller smerte, vart diktet til, gjorde teneste som ein ventil, rett og slett, som i den fosskokande gryta vi lærte om i fysikktimane da vi var små. I tider da det berre bobla så pent og passeleg i livsens gryte, vart det ingen dikt, eller i alle fall svært få. Dei melde seg ikkje da, og som regel nyttar det lite å mane dei fram. […] Program eller ikkje: Dikta i åra framover vart av seg sjølve uttrykk for dei mest allmennkvinnelege kjensler og opplevingar av alle, ettersom det var i dei åra ein gifta seg, fekk ein heim, vart mor.»
Då ho debuterte i 1929 med diktsamlinga Harpe og dolk, var ho blant dei første nordiske kvinnene som motig og fordomsfritt skreiv seg til sin eigen plass i litteraturen, med eit uredd sjølvbilete, og ein vaken djervskap – òg om erotiske kjensler. Eit hovudtema i debutsamlinga er «ei intens manifestering av eg-et»Sitat frå Leif Mæhle: «Lyrikaren» i Festskriftet, 1987., ei etablering av ein sjølvstendig identitet, midt inne i dei relasjonane forfattaren var ein del av: kvinnelegdom, samtid, jordbrukskultur, ungdom og kjensla av å bråmognast. Bråmogninga kjem blant anna til uttrykk i det tvitydige «Fødd i går», der farsopprøret er eit tema. Kvinnelegdomen vert uttrykt mellom anna i diktet «Ny kvinne», om den første menstruasjonen, og i «Aleine», der dikt-eg-et ventar på sin kjære i eit biletspråk som knapt kan mistydast: «Eg har lagt fela fram til deg for eg veit du vil ha henne straks du kjem.» Vesaas har òg sagtI føreordet til Ord over grind, 1965. at ho oppfatta seg som ein representant og røyst for kvinnene i generasjonen sin: «Den tida var det enno så få kvinner her i landet som hadde skrive dikt at når ein gjorde det, måtte ein nesten kjenne seg som eit svarberg, som fange inn stumme ord og gav dei lyd». Dikta var for det meste i bunden form, men det finst òg frie dikt i debutsamlinga. Titteldiktet «Harpe og dolk» gjer det doble innhaldet i den nye kvinnerolla tydeleg, ho er både den harmoniske songaren og den sjølvstendige, uavhengige som kan vere resolutt og handlekraftig.I eit intervju med Knut Faldbakken, trykt i føreordet til Dikt i samling (1977), seier ho at diktet er eit høvesdikt, meint på éin bestemt — men diktet er likevel uttrykk for ei såpass generell livshaldning at ho vel det som titteldikt. I ettertid har ho teke avstand frå det proklamatoriske ved tittelen: «Det synes eg er ein fæl tittel. Eg får unnskylde meg med at eg var temmeleg ung den gongen».Ho held fram «… Slike symbol frå romantikken var vel ikkje så fjerne den gongen som det er no, sjølv om denne nok var på grensa». Dette sa ho i eit fjernsynsintervju i mai 1995, gjeve att i Haagen Ringnes: «Kjærleik gjer klok: Halldis Moren Vesaas» i Reflekser i trylleglass, stemmer fra vårt århundre, Cappelen, 1998.
Også i den neste samlinga Morgonen (1930) var gleda og livet, innviinga til livet og den gode plikta overfor livet eit hovudmotiv, slik det mellom anna vert uttrykt i opningsdiktet «Til livet»: «Mitt liv, eg lovar deg høgt og dyrt: Ikkje før døden det vil sloknar min brennande elskhug til deg og gleda: å høyre deg til.»
Dei to neste samlingane, Strender (1933) og Lykkelege hender (1936) kan lesast i lys av livsfasane i Halldis sitt eige liv: Avklåra kjærleik, å byggje sin eigen heim, å høyre til der, og å verte mor. Her er kjende og ofte siterte dikt som «Nei, eg får aldri nok», «Litteraturen og ungen» og «Lykkelege hender». Og endå fleire dikt tematiserer ulike sider ved kjærleik, samliv, heim og barn. I «Tre og mold» er treet eit uttrykk for kjærleiken: «I natt i draumen eg var eit tre [...] Du var molda og treet eg.» – på same måte som trea i «Tre i skogen» veks saman og blandar lauv og røter, medan treet i diktet «Tuntre» representerer langvarig tilhøyrsel til heimen i vid forstand, òg ektefelle. Diktet «Kveld» frå 1933 er eit tidleg eksempel på ein type dikt som vert meir vanlege i samlingane frå 1947 og 1955; ei nært opplevd kjærleikstrette: «Venn, sjå ein fager dag har vi fått øydelagt. Vi drap han oss imellom i vår blinde strid».
I samlinga Lykkelege hender er midtbolken dikt frå heimemiljøet i Trysil, der bindinga til heim og ætt er tydelegast uttrykk i dikta «Gammal gard»: «Det stilnar i tunet. Bak attletne dører dovnar alt liv mot kvile og natt Allting er rett her. Dei trøytte blir borte, og vegar dei trør her skal snart gro att. Menneske døyr, men det gode og strenge garden skal ættene halde ved lag». Denne bindinga til jorda og garden kan vi òg kjenne att dei to romanane ektemannen skreiv på den same tida: Det store spelet og Kvinnor ropar heim, båe om Per Bufast – og i hennar eiga barnebok Du får gjera det, du frå 1935.