mini|Hymas H2 montert på ein Nuffield med frontskjer, ved Kloppvegen på Toten. mini|Graving med Hymas type 2 for legging av kabel for Televerket ved Hymas-fabrikken i Brumunddal. Hymas traktorgravarar vart produserte av Brumunddal Mekaniske Verksted, frå 1955 og utover. Hymas står for HYdraulisk MASkin. I fylgje Reidar Heiren i Traktor kom gravemskinproduksjonen i gang då Hroar K. Nilsen, som hadde vore avdelingssjef ved Hamjern, innleidde eit samarbeid med Øivind Kristoffersen, som eigde Brumunddal Mekaniske Verksted. Den fyrste modellen vart kalla Hymas H1. I motsetnad til Hamjern, som selde maskinane sine gjennom Ford-importøren Eik & Hausken, og Ferguson-importøren Eikmaskin, som selde Sesam-maskinane saman med Ferguson-traktorar, produserte Hymas monterinsbrakettar for fleire ulike traktormerke. Dette førte til auka sal og forutan Noreg vart maskinane eksporterte til Sverige og Danmark. I tillegg til produksjonen i Brumunddal vart det i 1959 starta produksjon i Hudiksvall i Sverige (Svenska Hymas). Hymas vart den største traktorgravarprodusenten i Norden og i 1964 vart det produsert opp mot 800 maskinar. I 1973 tok Hymas til å levera frontlastaren HL 31 og på 1980-talet fylgde HL 21, men desse vart produserte av Stamas på Stange, som etter kvart tok over rettigheiten og selde lastarane under varemerket «Stamas». Det vart òg produsert frontskjer, plus ei mengd med ulike skuffer og anna reiskap.

I 1965 vart namnet på føretaket endra til A.S. Hymas. Seinare vart det vart oppkjøpt av Lundberg, som i sin tur vart oppkjøpt av det finske føretaket Valmet. Maskinene vart då selde som Valmet-maskiner, som traktorgravaren Valmet 6000 og den rundtsvingande beltemaskina Valmet 8200.

Då Valmet la ned fabrikken i Brumunddal tok dei tilsette over føretaket og heldt fram under namnet Hymax. Føretaket produserer ikkje lenger maskiner, men importerer dei frå andre produsentar.

Galleri

Referansar R. Heieren, Norge var først med traktorgravere, Traktor, 24/6-2020. R. Heieren, Norske frontlastere i hopetall, Traktor, 28. desember 2023.

Kategori:Traktorgravarar Kategori:Tidlegare gravemaskinprodusentar Kategori:Tidlegare frontlastarprodusentar