mini|Klave med mm-skala for presisjonsmåling og diameterklassar for skogtaksering. Tømmerklave er ein reiskap som vert nytta til å måla diameteren på tømmer og er utforma som eit stort skyvelære. Tømmerklavar var fyrst og fremst nytta til å måla skurtømmer og slip, men dei er òg nyttige ved lafting.
mini|venstre|To ulike tømmerklavar (den eine er skadd). mini|venstre|Måling av diameter med tømmerklave. mini|venstre|Arvidsjaurklave; eihandsklave for blinking
Tommerklavar kan ha forskjellig utforming og bruk: Presisjonsklaven er ein toarma stålklave med millimeterskala på linjalen. Taksasjonsklaven er ein toarma stålklave med diameterklassar (avrunda centimeterverdiar) på linjalen. Kubikk-klaven er ein toarma stålklave med innprega volumtabell som i kombinasjon med skant eller måleband brukast til å måle voluminnhald i kubikkdesimeter for kappa tømmer (midtmåling). Arvidsjaurklaven er ein treklave utan rørleg arm, men med krum linjal. Med denne klaven treng ein berre ei hand for å lese ein omtrentleg (avrunda) diameter, slik at den andre handa er ledig for blinkeøksa.Norsk landbruksleksikon
Kommunevåpnet til Flesberg har to tømmerklavar.
Bakgrunnsstoff Tømmermålingens Historie , Norges Virkesmåling.
Sjå òg Tømmermåling
Kategori:Skogsreiskapar Kategori:Måleinstrument