Jern eller jarn er eit metallisk grunnstoff med kjemisk symbol Fe og atomnummer 26. Det høyrer til transisjonsmetalla og er plassert i gruppe 8 i periodesystemet. Jern er eit av dei vanlegaste metalla i jordskorpa. Jern er ferromagnetisk.
Utvinning
Jernmalm inneheld jernoksid. Malmen vert redusert til råjern. Smeltepunktet er 1535 grader celsius, mens kokepunktet er 2750 grader celsius.
Viktige sambindingar
Rust (FeO(OH))
Bruk
Stål er legeringar som inneheld mykje jern. Desse vert brukt til alt frå kjøkkenreiskap til bygningar. Eigenskapane til stålet er avhengig av kva andre metall som finst i legeringa.
Biologisk rolle
Jern finst som spormineral i hemoglobin og er viktig for oksygentransport i kroppen.
Sjå òg Jernalderen Periodesystemet Grunnstoffliste Isotoptabell
Bakgrunnsstoff Om jern
Kategori:Transisjonsmetall Kategori:Kubiske mineral Kategori:Mineraltilskot Kategori:Ferromagnetisk materiale Kategori:Pyroteknisk brensel Kategori:Byggjematerial Kategori:Grunnstoff